Eg har eit døme på ein situasjon der ein "selvgod mann" (i dette tilfellet meg sjølv) hoverte over dumme kvinner.

Eg var ein tur på Rema i går. Eg skulle ha meg brød. Brødet må sjølvsagt skjærast opp på butikken, for dette er altfor tidkrevjande å gjere heime.

Framfor meg i køen sto det 3 blonde damer (ei mor med sine to vaksne avkom) og dei hadde det ikkje lett. Dei sto med eit brød og prøvde å finne ut korleis brødet gjekk inn i maskina. Etter ein del feilforsøk, klarte dei i fellesskap å resonnere seg frem til at dei måtte late opp luka og legge brødet nedi (brødet vart plassert på høgkant..). Så vart dei ståande å vente. Ingenting skjedde.

Eg synes det heile var rasande festleg så eg valte å ikkje blande meg inn. Blondinene ville tydelegvis klare dette på eigen hand for dei spurte ingen om hjelp. Til slutt fann dei ut at dei skulle late igjen luka, og alle 3 skvatt tilbake då maskina byrja å skjere.

Etter ei stund kom brødet ut (det hadde til min skuffelse snudd seg riktig veg). Blondinene snakka ivrig og oppstemt saman, og alle ville hjelpe til med å legge brødet oppatt i posen. Resultat - brødet datt i golvet.

Dette vart for mykje for meg så eg byrja å humre ganske høgt, medan eg kviskra eit "kor mange blondiner må til få å skjere opp eit brød" til sidemannen. Eg sa det nok litt for høgt for eg fekk eit stygt blikk frå damene, før dei hasta vidare, utan brød.

Eg fekk skore opp brødet. Sjølv om eg ikkje er nokon praktikar, klarte eg dette lett.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Viser 11 svar.

[ Slettet av bruker ]

Artig! Godt å høyre at eg ikkje er den einaste av hankjønn som er teknisk tilbakeståande. Og eg skal prøve å heve "selvfølelsen" deira neste gong =)

Sjølv lese eg faktisk ein del "gjør det selv" bøker, som "enkel muring og støping", "terasser på en, to, tre", "fliser og flislegging", for å nemne nokon. Dette gjer eg ikkje for å tillegne meg desse eigenskapane, men for å skjønne prinsippet og dermed få ein viss tryggleik, ikkje fordi eg kan gjere det, men fordi eg veit korleis andre kan gjere det - skjønar du? =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Kanskje de hadde lyst på laaange skiver, sant?

Vi har forresten 109 bøker felles på listene våre... :)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hehe, godt forslag! ;)

109 bøker er ikkje så verst, men med tanke på at vi samla har lese omlag 2000 bøker og berre 100 av desse overlappar er det likevel ikkje så mykje =)

Godt sagt! (1) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Herlig historie! Jeg vil mene at du hadde god grunn til å være litt "selvgod"!!! ;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En morsom liten historie om blondinene og brødet, Olav! :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Humre, humre, humre :-D Og jeg må like godt innrømme det, - den moren kunne vært meg (bortsett fra at jeg er mørk;)), for jeg har aldri brukt sånn brødoppskjærermaskin og er veldig lite teknisk! Jeg håper bare jeg hadde hatt vett på å se det humoristiske i situasjonen mens det sto på! ;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dei beste historiane er som oftast dei sanne:-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar
[ Slettet av bruker ]

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågLeseberta_23Tine VictoriaDemeterVannflaskeMarianne AugustaTheaSigrid Blytt TøsdalPiippokattaTorill RevheimHanne Kvernmo RyeLailaEinoniesiljehusmorTone HTanteMamieEivind  VaksvikEvaTorJoannAnn ChristinIngunn SAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundLars MæhlumHeidiSynnøve H HoelLinda NyrudIngunn ØvrebøFindusAnniken RøilMads Leonard HolvikIreneleserLisbeth Kingsrud KvistenBeathe SolbergReidun SvensliNorahMorten BolstadBertyTonesen81