Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 20 sitater

Med vi står fell snøen tettare.
Kåpearmen din blir kvit.
Kåpearmen min blir kvit.
Dei går mellom oss som
nedsnødde bruer.

Men nedsnødde bruer er frosne.
Inni her er det levande varmt.
Varm under snøen er armen din ei
sæl vekt på min.

Det snør og snør
på stille bruer.
Bruer ingen veit om.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

-- ... Eg ser på deg at du veit noko. Kva sa Unn?
-- Det kan eg ikkje seia.
-- Kvifor det?
-- Fordi det ikkje var slik, ho sa det ikkje!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Utløyst blir ein ikkje for eit godt ord.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Uskjønleg ris is- bygget over dei, har makt, kverv med toppane sine oppe i mørkret og vinter- draget. Som ferdig til å stå i uendelege tider - men tida er tvert imot forvillande stutt, det stuper ein dag når flaumane går.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mørkret på sidene av vegen. Det har ikkje form, og ikkje namn, men den som ferdast her kjenner med det kjem fram og fylgjer etter og får det til å gå som rislande bekker etter ryggen.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Fire auge med glimt og strålar under vippene. Heile spegelglaset fullt. Spørsmål som skyt fram og gøymer seg att. Eg veit ikkje: Glimt og strålar, glimt frå deg til meg, frå meg til deg, og frå meg til deg åleine - inn i glaset og tilbake, og aldri noko svar på kva dette er, aldri noko løysning. Dei raude putande leppene dine, nei det er mine, så likt! Håret på same måten, og glimt og strålar. Det er oss! Vi kan ikkje gjera noko med det, det er som frå ei anna verd. Biletet byrjar å svive, flyt ut til kantane, samlar seg, nei samlar seg ikkje. Det er ein munn som smiler. Ein munn frå ei anna verd. Nei det er ingen munn, det er ikkje noko smil, det er noko ingen veit - det er berre oppspana augevipper over glimt og strålar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Straumen har auka, går sterkare oppi barskogen. Barnålene strekker tungene sine og syng ein ukjend nattsong. Kvar einskild tunge er så lita at ho ikkje høyrest, samanlagt læt det så lågt og mektig at det kunne jamne ut åsane om det ville.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Vintersola hadde omsider komi så høgt at ho slapp ned til is-palasset. Den seine, kalde sola hadde likevel mykje av si kraft. Strålane gjekk gjennom tjukke isvegger og vinklar og brester, og braut lyset i underfulle mønster og fargar, så det trøysteslause romet dansa. Istappane ned frå taket og dei som voks oppover ifrå golvet, og sjølve dropane og alt dansa med i dette lyshavet som braut inn. Medan dropane glimta og storkna og glimta og storkna, og gjorde for kvar gong det vesle romet ein dråpe mindre. Det skulle fyllast.

Blindande lyshav.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ingen kan vera vitne når is-slottet stuper. Det skjer om natta, etter at alle barna er i seng. Ingen er så djupt inniblanda at dei kan vera med. Ei bølgje av lydlaust kaos rister nok lufta like bort i fjerne sovekammers, men ingen blir vekt og kan spørje: Kva er det? Ingen veit det. No går slottet i fossen, med løyndomar og alt. Det går hardt for seg, og så er det ikkje meir.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Dei dreg ikkje, dei ventar. Dei kjem ikkje laus. Uskjønleg ris isbygget over dei, har makt, kverv med toppane sine oppe i mørkret og vinterdraget. Som ferdig til å stå i uendelege tider - men tida er tvertimot forvillande stutt, det stuper ein dag når flaumane går. I natt held det mennene fast. Dei blir her lenger enn dei har lov til i det ærend dei er.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

JBKirsten LundNorahGunillaReadninggirl30KjerstiMalinn HjortlandVannflaskeAnne Berit GrønbechLailaBjørg Marit TinholtDaffy EnglundBenedikteBerit RHarald AndersengretemorHeidi LStig TTor-Arne JensenPiippokattaElla_BTheaRade AlmudaffarmarithcEmil ChristiansenJanne Kristin HøylandTanteMamieAnne-Stine Ruud HusevågDemeterEgil StangelandHarald KAnette Christin MjøsRufsetufsaLena Risvik PaulsenIngunn SChristoffer SmedaasLesevimsaToveBookiacTor Arne Dahl