Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 61 til 65 av 65 bokomtaler

Andre bok i trilogien om Vassbygdi/a er Kom ikkje inn i mitt hus. Bendik Uføre og Sylvia fortset kampen mellom i- og a-målet, men legg til sides striden for å laga samlekort med nynorske diktarar. Det skapar uro i det bokmålske landet vårt. Ein Duun-demonstrant brenn seg sjølv i protest, utanriksministaren må gå, og jammen slår ikkje bokmålsfolket attende med å gjera ein av sine eigne diktarar til martyr. I tillegg møter Uføre sin største motstand til no, ein bokmålsmann minst like utkropen som Uføre sjølv.

Eg synes Kom ikkje inn i mitt hus fungerer hakket betre enn Når ein først skal skyte nokon. Karakterane er meir sympatiske denne gong, sjølv om den beiske humoren og dei abuserde situasjonane er like bitande som sist. Persongalleriet vert òg noko mindre, og ein vert betre kjent med Uføre, Sylvia og dei andre i Vassbygdi/a. I tillegg er boki på mange måtar ein hyllest til nynorske lyrikarar - det er ikkje utan grunn at Tor Jonsson prydar framsida. Her finn ein sitat, tankesprang og refleksjonar kring dikt og diktarar - og sjølv om for mykje diktlesing kan visa seg å vera skadeleg, er akkurat nok mengd både ynskjeleg og naudsynt.

Der var han nok framme ved den avgjerande skilnaden mellom diktarar og
monster: ordlegging mot øydelegging.
Arnfinn Kolerud, Kom ikkje inn i mitt hus

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når Issy vert overflødig på kontoret, og for kjærasten Graeme, er det på tide å finna ein ny retning i livet. Ho gjer hobbyen til ein næringsveg, og opnar ein muffinskafe i nabolaget. Med på laget er romkameraten - og gresk gudinne - Helena, åleinemori Pearl, den perfekte - og nyskilde - Caroline, og rådgjevaren i banken, Austin.

Meet Me at the Cupcake Café er klassisk dameroman/ chick lit, rosa utanpå og rosa inni. Men det er ikkje nødvendigvis kjærleikshistoria(ne) som står i fokus, like viktig er historia om Issy og hennar forretningside. Og ikkje minst bakverka: her er det oppskrift frå Issy, bestefar Joe, og ei mindre vellukka frå Caroline. Det hjelper ikkje nett på det sukkersøte inntrykket, men gir ein litt ny innfallsvinkel til ein velkjent sjanger. I tillegg er dette eit velskrive bidrag til sjangeren, med sympatiske karakterar og ein forsiktig humor.

Jenny Colgan (f. 1972) er britisk forfattar, busett i Frankrike. Ho debuterte som forfattar i 2000, og etter dette har det komme ein roman eller tre i året. Meet Me at the Cupcake Café vart utgjeven i 2011, og den direkte oppfylgjaren Christmas at the Cupcake Café kom i 2012.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I eit hòl i marka budde det ein hobbit. Ikkje eit ufjelgt, skitvore og
vått hòl, fylt med makk og sure eimar, og heller ikkje eit turt, bert
sandhòl utan noko å sitje på eller ete; det var ei hobbithole, og det
tyder trivsel.

Ein dag får den svært heimekjære og ordentlege hobbiten Bilbo Skrepping uventa besøk. På dørhella står tretten dvergar og ein trollmann, som vil ha han med på eventyr. Og ikkje kva eventyr som helst – dei skal vinna attende ein tapt skatt frå dragen Smaug. Dei set ut saman, men støyter på mange hindringar og farar allereie før dei når Einsamberget og drageskatten. Den minste av dei alle viser seg ofte å vera den motigaste, og til slutt den som kan stå i mot freistinga frå drakeskatten.

Hobbiten er ei barnebok, og sjølv om den på mange måtar skil seg frå den noko moralistiske tendensen i mange barnebøker skrivne tidlegare (særleg i viktoriatida), er det kanskje ikkje kampen mot tussar, dragar og troll som er verst, men kampen mot havesykja. Eg var på eit seminar om insiprasjonskjeldene til Tolkien i høve Hobbiten, og der vart det påpeikt at me svært ofte les Hobbiten i lys av Ringenes herre (The Lord of the Rings, Ringdrotten), og dermed vert det fokusert meir på ringen, på alvane, på tussane (seinare: ork) og plasseringa av hendingane her i høve den store soga. Det har eg prøvd å unngå i lesingi denne gong, og finn at i nett språket i min versjon gjer det noko enklare. Ringen, som Bilbo vinn her, og som vert so sentral i Ringenes herre, måtte Tolkien legga til på eit seinare tidspunkt.

Opninga sitert over er ei av dei best kjende i litteraturen, og starten på eit eventyr som enno varer mange tiår etter. Og opninga tek seg ikkje dårleg ut i omsetjinga til Eilev Groven Myhren heller, som har utnytta fleksibilteten i nynorsk (utover dagens grenser) til å presentera folkeslag og eventyr på ein levande og engasjerande måte. Det noko konservative språket til forteljarstemma passar godt med miljøet i romanen, som er plassert lenge før vår eigi tid, om enn kanskje i vår eigi verd (det er fleire av kommentarane til forteljarane som kan leia til ei slik tolking). Skal ein lesa noko anna enn originalen, byr denne omsetjinga på mange vakre stunder.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein dag får fiskeriforskar Alfred Jones ei henvending frå eigedomsmeklar Harriet Chetwode-Talbot. Ein sjeik i Jemen vil introdusera laks og laksefiske i dei turre elveleia i ørkenen, og treng hjelpi til Statleg senter for fiskeriforsking i Storbritannia. Alfred avviser ideen som absurd, men politikarar høgt i systemet vil ha positive nyhende frå Midt-Austen, og dermed er prosjektet i gang.

Laksefiske i Jemen er både humoristisk og alvorleg. Plotet er like absurd som det verkar i denne korte skildringa, men nett som Alfred vert fanga av sjeiken si overbevising, vert lesaren dregen inn i handlinga, og ein vert nyfiken på om Harriet, Alfred og sjeiken kan lukkast. Harriet sitt forhold til den sakna soldaten Robert, Alfred si kone Mary og statsministeren sin pressesekretær Peter Maxwell er elles personar som er med på å setja fokus på meir problematiske tilhøve både i britisk kvardag og storpolitikk: karrierejag, veljarjakting, ein imperialistisk tankegang og manipulering av både informasjon og media.

Historien om laksen i Jemen vert fortalt gjennom varierte teknikkar, men aldri direkte. Her finn ein brev og e-postar, dagboknotat, memoarar, intervju, avhøyr og presseoppslag. Dette gjer at ein les historia frå mange ulike kantar. Torday kunne kanskje ha gjort dette enno meir utprega, men har ikkje lagt frå seg det personlege preget i mange av forteljingane, sjølv der det ikkje passar seg (t.d. i avhøyr). Likevel er det lett for lesaren å ignorera stilbrota i jakta på svara: korleis går det med Harriet og Alfred? Kvifor avhøyr og kommisjonar? Og kjem laksen til å symja oppover Wadi Aleyn?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Amerikanske Frederic Henry er sanitetsoffiser i den italienske hæren under fyrste verdskrig, og ligg i krig mot austerrikarane sør i Alpane. I ein av dei fyrste offensivane han er ein del av vert han alvorleg skadd, og på sjukehuset i Milano vert han nærare kjent med den engelske sjukepleiaren Catherine. Attende i krigen verkar alt enno meir meiningslaust.

“Så rart, tenk å være i den italienske armé.”

“Jeg er ikke egentlig i hæren, bare i ambulansen.”

“Det er rart likevel. Hvorfor er De det?”

“Jeg vet ikke,” sa jeg. “Det er ikke alltid noen forklaring på allting.”

Hemingway er kjent for ein svært knapp, nærast minimalistisk, stil, der skildringar vert nedprioritert og berre det mest naudsynte er med. Dette gir romanane hans ein nesten kald tone, men der dei sterke kjenslene og undertonane slår enno sterkare gjennom enn om ein skulle dvelt ved dei og forklart i kvar minste detalj.

Det vert og påstått (mellom anna i etterordet i mi bok, skrive av Hans H. Skei) at Hemingway dyrka maskuline, fysiske ideal, og at hovudpersonane hans er “menn utan kvinner.” Det kan langt på ved stemma, kjærleiken til Catherine vert til dømes meir fastslegen enn skildra:

Gud vet at eg ikke hadde villet bli forelsket i noen. Men Gud skal vite at jeg var blitt det […]

Likevel er lukka Fred finn hjå Catherine det som best viser absurditeten i krigen, sjølv om kjærleik og lukke er lite handfaste storleikar. Det er berre i små augneblinkar utanfor samfunnet at ein kan vera lukkeleg.

Farvel til våpnene vert rekna som delvis biografisk, sidan Hemingway sjølv jobba som ambulansesjåfør ved den italienske fronten under fyrste verdskrig. Skei påstår at Farvel til våpnene er ein “anti-krigsromansom syntes å fange inn hva en hel etterkrigsgenerasjon mente om krig og heroisme.”

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Beate KristinIngvild RosslundNikkaHilde H HelsethLinda NyrudAnneWangSynnøve H HoelTor Arne DahlFarfalleReadninggirl30mgeBookiacBrit HonningsvågKristin_Tor-Arne JensenAskild GjerstadKirsten LundTine VictoriaG LBjørg Marit TinholtPiippokattaEvaanniken sandvikMarie HolterHanne Kvernmo RyeLinnEllen E. MartolAnn ChristinKaren RamsvikEmil ChristiansenLise MuntheTove Obrestad WøienDannyEgil StangelandAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne Berit GrønbechKnut HauglandNina SolåsRoger MartinsenInger-Lise