Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 65 bokomtaler

Simon Snow er the Chosen One – men han er ikkje særleg god til det. Han er den sterkaste magikaren som har levd, men kan ikkje styra sin eigen magi. Han byrjar sitt åttande år ved magiskulen Watford, og gler seg til å komma attende – sjølv om førre år slutta med enno eit møte med erkefienden the Insidious Humdrum, som syg magi ut av verdi. Men attende på skulen er ikkje ting som tidlegare – det er slutt med kjærasten Agatha, og romkameraten/-fienden Baz kjem ikkje att til skulestart.

Carry On er noko so spesielt som ein fiktiv fiksjonstekst, som er blitt ein ekte fiksjonstekst. Lat meg forklara: I Fangirl av same forfattar (Rainbow Rowell) skriv hovudpersonen Cath fanfiction om roman- og filmhelten Simon Snow, som i romanen er oppdikta av (den oppdikta) forfattaren Gemma T. Leslie – heng du med so langt? Når Rowell var ferdig med Cath og hennar historie, klarte ho ikkje å sleppa Simon og hans verd – ho hadde jo laga verda, såg ho føre seg – og bestemte seg derfor for å skriva si eiga historie. Dette er verken Leslie sin Simon Snow eller Cath sin fanfiction, men Simon Snow på eigi hand. Likevel trur eg dei fyrste lesarane av Carry On vert dei som har lese Rowell før – fram til nokon oppdagar at Simon Snow kan fylla eit bittelite hjørne i det store tomrommet etter Harry Potter.

Simon Snow er nemleg nesten Harry Potter. Kanskje kan ein kalla Carry On fanfiction, eller ein pastisj – for parodi er det ikkje. Til det er Rowell for glad i sjangeren og grunnlaget, og lagar ein litt for original historie, sjølv om dei kjente delane er med. Simon er sjølvsagt foreldrelaus, og profetert (men det finst ein twist). Draco Malfoy er der (med ein stor twist), og Simon har ein besteven som rett og slett er Hermione Granger, berre mindre omgjengeleg. Hagrid er blitt gjetaren Ebb (som er av dei sterkaste magikarane som lever), og Dumbledore er den militante og revolusjonære The Mage. Og: det funkar. Det er ikkje Harry Potter, men det vert jammen spanande nok når det nærmar seg jul ved Watford.

Det Rowell gjer best – i tillegg til å fortelja ein spanande historie med meir mysterie enn magi – er å skriva personar som verkar truverdige, sjølv om dei er ein betrevitande stjerneelev, ein profetert utvalt og ein homofil vampyr. Medan kjærleiken mellom t.d. Harry og Ginny (ja, her kjem fleire samanlikningar) er noko opphøga og rein (bittelitt klining, men det er det), er forholdet mellom personane i Carry On hakket meir lidenskapeleg – og truverdig. Me har trass alt med 18-19-åringar å gjera. Ho let òg magikarane bruka moderne teknikk – kvifor i all verda skal ein ikkje det? Det vil alltid vera meir effektivt med mobilar og bilar enn småfugl og sopelimar.

Ok, oppsummering. Carry On er ikkje Harry Potter – ikkje i nærleiken ein gong. Ikkje er det ein klassisk ungdomsroman av den typen det finst ein del av no for tidi heller, t.d. frå Rowell eller John Green. Men som oppfylgjing til Fangirl eller som enkeltståande, ganske grei, og likevel nyskapande, fantasy er det flott. Eg trur eg kjem til å tipsa syskenbarn og lesane elevar om denne.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stewart har vore i eksil i London i fem år. No er han attende i Stonemouth, den vesle byen rett utanfor Aberdeen der han vaks opp. Han skal berre vera her i helgi, ta del i ei gravferd, og reisa att. Helst ville han ikkje ha gjort nokon merksam på at han kjem, men sidan omstenda kring avreisa hans var som dei var - og byen er som den er - er det mange som ikkje vil ha Stu attende, ikkje ein gong for eit par dagar. Byen er nemleg styrt av to familiar med ikkje heilt reine forretningsføretak - og Stu har fornærma minst ein av desse.

Det tek ei stund før lesaren får vita kvifor Stu er så nervøs for å komma attende - og kvifor den fyrste han møter er Powell Imrie, handlangaren i Murston-familien. Det tek òg si tid før lesaren får vita kven si gravferd det er Stu kjem attende til - og enno lenger tid før det kjem fram kvifor han måtte forlata Stonemouth på eit godstog midt på natti for fem år sidan. Gjennom møte med gamle vener - og fiendar - gjennom helgi, og tilbakeblikk til barndom og ungdomstid, vert historia rulla opp. Samstundes er Stonemouth òg eit møte med eit moderne Skottland, eit Skottland i nedgangstider, med fiske og industri, og med smågangstarar på bruene. Den er spanande, særleg når lesaren etter omlag ein kveld i selskap med Stu vert gripen av mysteria som er kring han, velskriven, med mykje lokalkoloritt ('Ye've no tae tell the rest, though, eh?' seier kameraten Phelpie, med tjukk skotsk aksent), og meir enn nok action. Eg ser føre meg Stonemouth som ein mørk film (komedie?) i god britisk tradisjon - og finst sjølvsagt som serie i to deler frå BBC...

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lat meg byrja med å sitera Wikipedia, den evige kjelda til informasjon du treng fort*:

Lena Dunham (May 13, 1986) is an American actress, author,
screenwriter, producer, and director. She wrote and directed the
independent film Tiny Furniture (2010), and is the creator, writer and
star of the HBO series Girls. She has received eight nominations for
Emmy Awards as a writer, director, actress and producer and won two
Golden Globe Awards for Girls. Dunham is the first woman to win a
Directors Guild Award for Outstanding Director in a Comedy Series.

Det er ingen tvil om at Lena Dunham har lært sitt gjennom sitt korte liv, både om karriere, om film og fjernsyn, om ein hard bransje – og sikkert om seg sjølv. Og det er mykje det siste denne boka handlar om, å leva med gode og dårlege sexopplevingar, å leva med venskap som kom og forsvann, og å leva med ein del psykiske problem. Dunham har, i sitt korte liv, opplevd mykje, og ho skriv godt. Det er stor variasjon i skrivestil og tema, og boki er både lettlesen og morosam.

There is nothing gutsier to me than a person announcing that their
story is one that deserves to be told, especially if that person is a
woman.

Men. For det er eit men, minst. Eg er einig med Dunham i hennar påstand om å fortelja historiar, og særleg kvinner sine. Alle menneske har historiar verdt å lytta til – men kanskje ikkje i ei heil bok? Hovudankepunkt:
- Ein bør kjenna Dunham før ein les boka hennar. Eg, som ikkje har sett Girls eller fulgt arbeidet hennar noko særleg elles heller, har berre ei svak aning om bakgrunnen for tekstsamlinga, og brukar litt tid på å skjønna kvifor (om) denne kvinna er verdt å lytta til.
- Eg er usikker på overføringsverdien av det ho har “lært”. Ein del passar nok godt for dei som t.d. slit med psykiske lidingar (ein kan ikkje anna enn å verta imponert både over det ho har fått til i ung alder, og kor open ho er), men for andre kan det bli i meste laget.
- Svaret på ein del av problema hennar, særleg dei romantiske, vert (forståeleg nok) løyst av å ha funne “den rette”. Eg klarar ikkje heilt å slå frå meg tanken på at Dunham berre var 28 då boka kom ut – korleis kan ho vera so sikker?

Eg kan ikkje unngå å samanlikna Dunham si bok med Amanda Palmer si The Art of Asking. På nokre måtar er desse bøkene like, t.d. at dei handlar om sterke, sårbare, kvinner i kreative yrke og ein hard bransje. Dei handlar om kvinner som på sine måtar har gjort nye og banebrytande ting, og fått både kritikk og (heldigvis) skryt for arbeidet sitt. Det skil dei berre ti år i alder, og når det gjeld livserfaring kan det høyrast ut som dei har fått sin del, begge to. Likevel verkar Palmer si bok både meir balansert og meir relevant, i det ho både skriv nokonlunde kronologisk om si eiga karriere (med ein heil del sidesprang, som gjer at boka nærast kjennest som ein samtale) og at det kjennest som lærdommer hennar har ein overføringsverdi – ikkje berre for andre i same situasjon, men for dei av oss som aldri skal bli kunstnarar eller har stått kliss naken på ei scene eller eit filmsett (som Palmer og Dunham begge gjer titt og stadig). Hjå Palmer er heller ikkje mannen i hennar liv eit svar på problema, han var til å byrja med eit stort problem i seg sjølv, og endringa var det Palmer sjølv som måtte oppdaga.

Det kan henda eg ville vore mykje meir positivt innstilt til Not That Kind Of Girl utan The Art of Asking – eller om eg var fan av Lena Dunham frå før. Boka har gjort meg meir nysgjerrig på hennar arbeid (som òg Palmer si bok gjorde), men det er ikkje den fyrste eg kjem til å prakka på den som ynskjer å lesa ein artistbiografi (memoar, essay-samling?) frå det moderne kunstnarmiljøet i Amerika.

*men ikkje skal bruka i vitskaplege publikasjonar.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Cassandra Mortmain bur i eit slott. Det høyrest kanskje luksuriøst og attraktivt ut, men slik er det ikkje. Far er forfattar, men skriv ikkje lenger, stemora Topaz er aktmodell (men kommuniserer helst med naturen åleine), bror Thomas går på skulen, syster Rose er berre vakker, og tenesteguten Stephen er den einaste som kan tena pengar – fyrst som dreng, sidan som modell. Cassandra vil bli forfattar som faren, og øver seg på å skriva med å føra dagbok. Gjennom tre kladdebøker og åtte månadar føl me livet i slottet etterkvart som det endrar seg, sterkt påverka av dei nyinnflytta amerikanske naboane Simon og Neil.

I Capture the Castle er skriven med ei blanding av ung naivitet (som hovudpersonen òg vert kritisert for) og skarp observasjonsevne, som er det ho vil trena opp når ho byrjar å skriva. Etterkvart som Simon og Neil vert ein større og større del av livet i slottet kjem skrivinga litt i bakgrunnen, men det er enno med observasjonar knytt til skriving, både Cassandra og faren si.

Romanen har sine tunge tema, men er for det meste lettliva – både i innhald og skrivestil. Ein vert interessert i, og etterkvart glad i, karakterane, særleg Cassandra, Topaz og far Mortmain. I tillegg til å vera ein kjærleiksroman, er det òg ein oppvekstroman – eller omvendt – som fortener ein større lesarskare, sjølv om den er prega av tiåret den vart skriven i. Kjærleik, og oppvekst, verka hakket meir uskuldsreint då.

Dorothy Gladys Smith (1896-1990) skreiv ei mengd skodespel og romanar. Den fyrste av desse var I Capture the Castle, medan den best kjende er 101 Dalmatians. Castle vart godt motteken då den kom ut, og skriven som skodespel allereie fem år etter, og disney kjøpte filmrettane (som med dalmatinarane). Film vart det derimot aldri frå Disney, men etter at Smith døydde kom rettane attende til England, og BBC produserte ein film med Romola Garai i hovudrolla i 2003 (og inkluderer ein svært ung – og kjekk – Henry Cavill som Stephen).

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

The Elysian Prize for literature skal delast ut i England, og komiteen er i gang med forhandlingane. Ein avdanka politikar, ein tidlegare byråkrat i utanrikstenesta (no forfattar av spaningsbøker), ein akademikar, ein kritikar og ein skodespelar skal bli einige om kva som er årets beste bøker - og alle har sine preferansar og sine agendaer. I bakgrunnen finn me òg forfattarar av bøker som kom med på lang- og kortlista, forfattarar av bøker som var gløymte, utgjevarar, redaktørar og eit par familiemedlemmer. Det er ei mengd ulike karakterar i Lost for Words, til felles har dei at dei trur at livet kan endra seg med litteraturprisen - men stemmer no det?

Edward St Aubyn set i denne romanen, humoristisk og krast, fokus på det som går føre seg i kulissane i litteraturverda. Han spør om det eigentleg er noko vits med slike prisar, og peikar på alle dei bakanforliggande motiva forfattarar, forleggarar og komitemedlemmer har i samband med prisen. Det er òg karakterar i romanen som etterkvart stiller spørsmål ved heile konseptet, å premiera og rangera kunst.

Ein av karakterane, Jo Cross, baserer sine dommar på "relevanse". Og Edward St Aubyn si bok er absolutt relevant - i dag vert langlista til Man Booker Prize offentleggjort, ein pris som liknande Elysian er sponsa av eit kommersielt selskap, dekkar engelskspråkleg litteratur, og har upubliserte bøker på lista (dei må komma ut tidleg på hausten), og det er dermed mykje opp til dommarane å avgjera, utan at publikum nødvendigvis kjenner alle bøkene. Men me får håpa at det er litt mindre politikk og litt meir engasjement bak Man Booker Prize enn St Aubyn sin Elysian.

Edward St Aubyn (f. 1960) er frå Cornwall. Han vaks opp i England og Frankrike, og har dei siste åri endeleg gjort seg bemerka - òg i Noreg - med dei til dels sjølvbiografiske bøkene om Patrick Melrose. For den siste boki i den serien, Mother's Milk, kom han på kortlista til Booker, medan Lost for Words har gjeve han Wodehouse-prisen i 2014 - ikkje so reint lite ironisk. St Aubyn har blitt omtalt mykje på grunn av innhaldet i romanane, særleg Patrick Melrose-bøkene inneheld til dels sjokkerande og opprørande scener og særs få sympatiske karakterar (det gjeld forsåvidt for Lost for Words òg), men samstundes er skrivestilen hans prega av turr og syrleg humor, krasse personkarakteristikkar som går rett til kjerna på karakterane hans, og eit språk som er både oppfinnsamt og lettlese. Vel er ikkje romanane hans lange, men dei er òg lette å komma gjennom - og hakket vanskelegare å gløyma.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dr. Munk er rask med å slå fast at han berre er produsent – eller eigentleg berre har lånt namnet sitt – til dette popleksikonet. Innhaldet er det Ragnar Hovland som står for. Og det er eit subjektivt leksikon, basert på kva Hovland har i cd-hyllene sine og som han synes er verdt å nemna. Eg sit att med to tankar: tenk om ein var so interessert i musikk som Hovland, det må gjera livet mykje rikare. Og eg kan verkeleg lite om populærmusikk frå 60- og 70-talet. Nei, vent, tre tankar: finst det ei Spotify-liste? Det gjer det ikkje, men du skal ikkje sjå vekk frå at eg lagar ei ein vakker dag.

I popleksikonet tek Hovland føre seg, i alfabetisk rekkefylgje, artistar og band som er betydd noko for han gjennom livet. Og litt andre viktige musikalske kuriositetar, som beste song når ein har kjærleikssorg og kva som eigentleg er greia med norsk popmusikk. Boki er kanskje ikkje det beste oppslagsverket om ein lurer på historia til The Beatles eller diskografien til Michael Jackson (som manglar i platesamlinga til Hovland), men den er god når ein lurer på kva som kan ha påverka Hovland opp gjennom tidene, eller om det eigentleg er verdt å ta ein kikk på hitlister (og undergrunnsscener i Paris) frå 60-talet. Og svaret er nok ja – eg får iallefall lyst til 1. lesa enno meir Hovland (inga overrasking der, nei) og 2. finna ut kva Nico, Procol Harum og The Incredible Stringband eigentleg har til felles.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I februar 2014 heldt musikaren Amanda Palmer ein TED Talk om å lata fansen betala for musikken, og om forholdet mellom kunstnar og publikum. På denne tidi hadde eg ikkje høyrt om Amanda Palmer, men i løpet av året som har gått sidan den gong har ho snike seg inn i livet mitt. Fyrst var ho kona til Neil Gaiman. Sidan vart ho kona til Neil Gaiman med den tøffe Instagram-kontoen. So vart ho kona til Neil Gaiman som viser seg å vera artist og forfattar. Plutseleg, etter tre sider i den biografiske The Art of Asking; or How I Stopped Worrying And Let People Help, var ho ein eigen person – noko som passar henne mykje betre enn å vera nokon si kone.

Palmer byrja karriera si som levande statue i Boston. Ingen forfattarar eller andre artistar har som henne fått meg til å skjønna at det òg er kunst. Likevel var det helst musikar ho ville vera, noko ho har gjort både i duo, band og som soloartist. Musikken er umogleg å klassifisera, men dei fleste har kalla det punk-kabaret. Ho fekk sin fanbase, sine faste fylgjarar, og dei vart fleire. Palmer var av dei fyrste som brukte e-postlister aktivt for å kommunisera med fansen, og har utvikla dette vidare med blogg, Twitter og Instagram. Og ho deler ikkje berre musikken sin, men det personlege. For henne er det ikkje noko skilje mellom artisten sitt arbeid og hennar kontakt med publikum, det eine er ikkje ein reiskap for det andre – men nokre gonger kan kontakten hjelpa folk inn, slik at dei etterkvart oppdagar kunsten (slik som meg).

Kva er poenget i The Art of Asking? Jo, det er som undertittelen seier – å tora å spørja om hjelp, frå vener, frå fans, frå ukjente, frå den ein er gift med. Palmer har spurt lenge, og oppdaga at nettopp det at ho opnar seg og spør – og med det opnar seg for å bli avvist – knyter folk nærare til kvarandre. Palmer var den fyrste musikaren som passerte 1 million på Kickstarter. Det er ei nettside der vanlege folk betalar inn til eit formål, denne gong handla det om å laga ei plate etter at ho braut med plateselskapet sitt. Dette, og mykje anna, har vore kontroversielt – at ho ber fans om pengar, at artistar og musikarar har vore gjester for henner (gratis), at ho skreiv eit dikt etter Boston Maraton-bombene, at puppane hennar spratt ut under Glastonbury-festivalen. Ho har vore i framkant på internett, på sosiale medie og no i endringa i musikkbransjen. Det har ikkje vore lett – men dama har klart det.

Boki handlar òg om kor skummelt det er å spørja, kanskje særleg dei som er nærast ein. Det er ei bok som framstår som ein blanding av sjølvhejlpsbok, memoarar og dagbok, til dels kronologisk, men òg med avbrot og digresjonar. Men mest viser den personen Amanda Palmer - og ho er ein spanande person å bli kjent med!

Omtalen si opphavlege form, med alle sitat, videosnuttar og bilete, kan de finna her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

My name is Dawsey Adams, and I live on my farm in St Martin’s Parish,
Guernsey. I know of you because I have an old book that once belonged
to you – The Selected Essays of Elia, by an author whose name in real
life was Charles Lamb. Your name and address were written inside the
front cover.

Slik bryjar eit nytt eventyr for forfattaren Juliet Ashton. Det er januar 1946, England skal byggast opp att etter krigen og Juliet, som har gjort suksess under krigen som spaltist og humørspreiar er på leit etter ny inspirasjon. Det finn ho på Guernsey, i historiane til medlemmene i The Guernsey Literary and Potaty Peel Pie Society – ein bokklubb der medlemskapen går utover felles leselyst og over i venskapsband som ikkje kan brytast av krig og okkupasjon.

Romanen er skriven i brevform, der dei fleste breva er innom Juliet – men ikkje alle. Brevromanen har den fordelen, og ulempen, at dei store hendingane skjer mellom breva, og breva framstiller ei redigert forteljing. Men på den andre sida: kva roman gjer ikkje det? Brevromanen er ein spanande sjanger – og her verkar det svært godt. Dei personlege relasjonane, saman med krigshistorie, kjem godt fram i dei personlege breva mellom karakterane. Kjærleikshistorie og okkupasjonshistorie går hand i hand – og med desse går kjærleiken til litteratur, som var det som førte karakterane saman i fyrste omgang. Medforfattar Annie Barrows skriv i etterordet:

We are transformed – magically – into the literary society each time
we pass a book along, each time we ask a question about it, each time
we say, “If you liked that, I bet you’d like this.” Whenever we are
willing to be delighted and share our delight, as Mary Ann did, we are
part of the ongoing story of The Guernsey Literary and Potato Peel Pie
Society.

The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society er nett ei av dei bøkene som absolutt kan gje ny leselyst og inspirera til samtalar kring litteratur. Ho er varmhjerta, humoristisk og ganske lett, trass si noko tunge plassering i tid og stad, og passar godt når ein treng underhaldning og få att trua på venskapen, kjærleiken og litteraturen.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

dette er ikkje mi historie
dette er alle si historie
dette er mytologi og morsmjølk
den djupe jorda vi dyppar hendene i
dei simplaste songane
dei hardaste historiene
dekkjer heile bygda

Diktet over, som ein finn litt over halvvegs i diktsamlingi Vårar seinare er nok eit av dei mest diktliknande dikti til Kleiva i denne samlingi. Her er det alliterasjon og gjentakingar og ein klår rytme og eit lyrisk innhald. Slik er det ikkje med alle dikti i denne samlingi, men so skal dei heller ikkje fungera som lausrivne dikt heller, i allefall ikkje i hovudsak. Vårar seinare er eit narrativ, i fylgje forfattaren, brote av “minnebok”-stykka, som har eit klårare eg og du enn dei kollektive dikti elles.

Narrativet er henta frå forfattarens eige liv, då ho som ung opplevde dramatiske dødsfall om våren. Dei var knytt til livet langs vegen, langs toglinja og langs elva, men òg resultat av bratte dalsider. Dei var ikkje nær forfattaren, men i eit bygdesamfunn vert alle påverka, sjølv år seinare, vårar seinare.

Eg er ikkje vant til å lesa dikt på denne måten, eg les helst gamle klassikarar samla i store bøker, eller gamle klassikarar i antologiar. Moderne lyrikk har aldri vore mi sterke side, og lyrikk-bøker med so klare linjer, so klar tematikk, er eg sjeldan borti. Men etter å ha høyrt forfattaren lesa utdrag, måtte eg kjøpa boki, og las ho i hagen medan det vårast rundt meg. Når ein er oppvaksen på ein liten stad, der dødsfall til ungdom, om det er vår eller haust, kjennest i heile det vesle samfunnet, kjenner ein att tankane og kjenslene forfattaren gjer seg, og som ho legg i hendene til heile bygdi. I tillegg er det både ei lågmælt og dramatisk diktsamling, som er fort gjort å lesa, men som vert med ein i minnet lenge.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

American Gods er på overflata ei historie om Shadow som slepp ut av fengsel berre for å oppdaga at kona hans har døydd i ei bilulukke saman med elskaren sin. Han vert istadenfor møtt av ein mann som kallar seg Wednesday, som treng Shadow si hjelp. Det er ein krig på gang, mellom dei gamle gudane som vart med innvandrarane til Amerika, og dei nye som dukkar opp på kjøpesenter og i fjernsynsprogram. Kva plass har eit menneske, sjølv eit så spesielt menneske som Shadow, i samspel med gudar?

I hovudsak er dette ein roman om amerikansk mytologi. Den stiller spørsmål om kva som skjedde med gudane når folk, for tusenvis av år sidan eller for eit tiår sidan, kryssa havet til den nye verda, og om kva som skjer med gudane no, når folk ikkje lenger er opptekne av dei. Men like mykje handlar den om mytene om å reisa, om den opne vegen, om dei ulike delane av landet og folki som bur der, og om korleis det kan gå ein rotlaus, og namnlaus, mann i eit land utan røter. Romanen er òg ein kommentar både til kva religion kan vera, og til fiksjonen sin rolle i samfunnet – og i religionen. Dessutan er det både ein reiseroman, ein kriminalroman og forteljinga om ein krig. Ein får både i pose og sekk og veske og koffert her altså.

Gaiman er kjent for å plassera sin historiar på grensa mellom vår verkelegheit og det som ligg rett utanfor. Slik er det her òg, og det er vanskeleg for både lesar og hovudpersonen sjølv å vita kva som er kva. Kanskje er alt like sant, kanskje er alt like mykje ein illusjon, ein fiksjon. Men nett som Shadow vert med på Wednesday si reise, vert lesaren lokka med på Shadow si. Kanskje det er ei reise nokon vil stritta i mot, men eg gav meg over, i minst like stor grad som eg tidlegare har blitt med dit Gaiman fører meg.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Borogravia har vore i krig so lenge folk kan hugsa, og verving etter verving har tømt landsbyar og bygder for både unge og gamle menn. Nokre kjem att, men dei manglar alltid noko. Og no er det Polly som manglar noko – broren Paul, som ho ikkje berre er glad i, men som er hennar einaste sjanse til eit liv som ikkje inneber ein ektemann og ein ungeskokk ho helst ikkje vil ha, om då krigen let nokon leva. Men dei seier at Borogravia er på veg til å vinna… Polly let seg verva, og det siste regimentet unge menn går mot frontlinja. I gruppa er det både eit troll og ein kaffityrst vampyr, ein heroisk, men særs uerfaren løytnant og ein særs erfaren sersjant – og meir enn ein stor hemmelegheit.

Handlinga i Monstrous Regiment er lagt til Discworld, ei flat verd boren gjennom universet på ryggen til ei kjempeskilpadde. Denne verdi er skrudd saman slik at den er både attkjenneleg og framand for oss frå ein rund klode, og Pratchett går inn i tradisjonen attkjennele frå Jonathan Swift og Ludvig Holberg i si satiriske framstilling. I Monstrous Regiment er det både krigføring og kjønnsrollar som får gjennomgå, utan at ein einaste peikefinger kjem i vegen for underhaldninga og humoren.

Berre tittelen og framsida på boki er nok til å illustrera noko av Pratchett sin ordkunst og mange lag. “Monstrous Regiment” spelar på karakterane i boki, joda (trollet, vampyren, Igor, ja sjølv sersjant Jackrum kan nok kallast monstrøse), men ikkje minst på eit skriv frå 1500-talet av John Knox, “The First Blast of the Trumpet Against the Monstrous Regimen of Women“. Illustrasjonen er sjølvsagt ein parodi over det kjente biletet frå Iwo Jima, her med eit par mamelukkar som flagg.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Cat Morland har vakse opp på ein prestegard i Sør-England, er heimeskulert og sluker bøker om zombiar og vampyrar. Kva ho vil gjera med livet sitt er usikkert, utanom at ho ynskjer Eventyr. Når ho vert invitert med til Edinburgh på Fringe og litteraturfestivalen ser ho det som ein stor moglegheit, men det viser seg fort at det handlar meir om å sjå og bli sett enn både teater, litteratur og ikkje minst Eventyr. Fram til ho møter Henry Tilney, då, som kjem frå eit gods på den skotske grensa og har ein spanande og mystisk familiehistorie – og dessutan sjeldan viser seg i sollys…

Catherine Morland er mykje den same som i Austen sin Northanger Abbey. Henry Tilney òg, utanom at han her har blitt advokat. Bath er blitt Edinburgh, gamle general Tilney er enno general, men òg skotsk laird, og Henry si døde mor enno eit stort mysterium – Cat har nemleg lese både Twilight og Jane Eyre. Val McDermid klarar å framstilla den naive og romantiske – og sjølvstendige – Cat i ei ny tid, som går an å kjenna seg att i for moderne lesarar. Referansane til populærkultur er mange, og dette kan godt funka som ei litt rosa bok for unge lesarar – eller ein gotisk roman for oss som les Austen sin Northanger Abbey med kjærleik og attkjenning. Det er sjølvsagt ikkje alt som funkar like godt. Eg klarar ikkje heilt å tru på McDermid sin bruk av sosiale medie, det verkar noko påteke – men fungerer kanskje som ein kommentar på korleis ein “utanfrå” ser på ungdommen sine vanar.

Denne Northanger Abbey er mindre tidlaus enn Austen sin. Ja, Jane skreiv om gotiske romanar me knapt har høyrt om i dag, men me skjønnar poenget – og brevi som vert sendt er ein varig sjanger. Eg tvilar på at lesarar om 200 år kjener twitter og facebook like godt. Er det naturleg at ei vaksen dame tek med ein 17 åring på ein måndas opphald i Edinburgh? Er det naturleg at ein ferdig utdanna advokat fell for ei 17 år gamal jente? Er det naturleg å samanlikna ekteskap og dans på ein moderne fest? Nei – men det er ikkje so nøye. Som eit alternativ til Austen rekk ikkje McDermid opp, men som eit tillegg, ein adapsjon eller ein kommentar er det absolutt både underhaldande og velfungerande.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Us var langlista til Man Booker-prisen allereie før ho kom ut i fjor – antakeleg som eit nikk til populærkulturen, meinte New York Times. Og det kan nok stemma, for sjølv om hovudpersonen er likandes (om noko repetitiv), historia er både humoristisk, bittersøt og attkjenneleg, og David Nicholls har funne ei slags suksessoppskrift i sine ubalanserte kjærleiksforhold, der minst ein av partane er uforholdsmessig nerdete – men, akk, kor likande. Slik òg med Douglas Peterson.

Douglas vert vekt midt på natta av kona Connie. Ho har bestemt seg for å gå frå han, men ikkje før sonen byrjar på universitetet – og ikkje før dei har gjennomført den planlagte ferien, ei danningsreise rundt Europa for dei alle tre.

Det går greitt i Paris, ok i Amsterdam, men i Tyskland raknar alt, og Douglas finn seg sjølv på reise gjennom Europa på leit etter sonen, og kanskje etter ein måte å redda ekteskapet. Historia han fortel i korte tilbakeblikk mellom europeiske kunstverk og togreiser er ei klassisk kjærleikshistorie, men ikkje ei som sluttar med eit “happily ever after”, men går vidare. Og det er kanskje forteljemåte til Nicholls, gjennom Douglas, i tillegg til denne sin lune natur og stoiske syn på livet og kjærleiken, som gjer Us so likande (dette verkar å vera det beste adjektivet for det meste ved denne romanen…) Samstundes er det nok dette som òg gjer at den ikkje engasjerer so mykje – eg byrja i haustferien og fullførte ikkje den tolv timar lange lydboki før i vinterferien. Historien er søt, lett, sjølvsagt med sine spørsmål kring livet og kjærleiken, men utan at ein må vita korleis det går med Douglas og familien no, med ein gong. Medan han rasar rundt i Europa i kamp mot klokka og for kjærleiken til kone og son, er det greitt for lesaren (les: lyttaren) å fylgja han i noko meir bedageleg tempo.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Romkameraten/sambuaren/flat maten min (det manglar eit ord i det norske språket for dette fenomenet) var særs nøgd med gebursdagsgåva mi i fjor. Eg møtte gåva med same entusiasme - og ein viss usikkerheit. Ei Doctor Who-bok? Av Douglas Adams?! Nei, dette var for godt til å vera sant! Og det var det jo, og entusiasmen fall litt når det viste seg at boki var basert på ein historie av Adams, men skriven av ein heilt ukjent kar (for oss), Gareth Roberts.

Utpå nyåret gav eg likevel boki ein sjanse, eg trong lesestoff på sengekanten og ho låg på nattbordet. Og eg vart positivt overraska, for sjølv om ein av "blurbane" på framsida overdriv noko i sin entusiasme ("gloriuos Adamsian whimsy"), har boki den rette Doctor Who-sjarmen, med forviklingar og overraskande plot twists (som vel kanskje er definisjonen på plot twists...?), ein pratsom doktor, ein heil del trufaste fylgjarar og mykje springing. For meg som berre kjenner til "Nu Who" (som kidsa vistnok kallar serien etter 2005), er det både eit kjekt møte med ein tidlegare inkarnasjon av vårt favoritt-romvesen, og ein attkjenneleg figur som minner mykje om inkarnasjonane frå dei siste ti åri. Og ja, det er nok mykje basert i Roberts sine val, men ein heil del ligg i Adams sin historie òg.

Doktoren og hans fylgjesvein, time lorden Romana, føl eit nødrop som fører dei til universitetet i Cambridge. Der finn dei ein gamal professor som ikkje heilt hugsar kva han trong hjelp til, men det viser seg snart at dei er på leit etter ei bok - ei heilt spesiell bok. Den har studenten Chris lånt, men det tek ikkje lang tid før den fell i hendene på den mystiske Skagra. Så er dei på jakt då, Doktoren, Romana, professor Chronotis, Chris og hans kjære Clare, og roboten K-9, i to TARDISar og eit romskip med sterk personlegdom, etter Skagra og den mystiske plassen Shada. Mange forviklingar, harde kampar, mislukka redningsforsøk og sykkel-, køyre- og springeturar seinare dukkar ein ut att på hi sida, godt nøgd med å ha vore med på eventyr. Det er action, det er humor, det er lettfatteleg språk og morosame hendingar - men ein bør nok helst lika Adams eller Doctor Who eller begge deler for verkeleg å nyta denne heseblesande turen gjennom tid og rom.

Adams nekta alltid BBC å skriva om Doctor Who-historiane til romanar, så hans historiar er av dei få frå dei fyrste 26 åra til Doctor Who som ikkje er tilgjengelege som bøker. No har altså Roberts retta på dette - og sjølv om det ikkje er med "Adamsian whimsy", er det med ein Doktor som absolutt funkar.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I 1964 gav Mary Hemingway, Ernest Hemingway si fjerde kone, ut hans Paris-skisser og memoarar frå tida i Paris på 1920-talet. Desse hadde han byrja på i 1957, men dei var ikkje heilt klare då han tok livet av seg i 1961. Rekkefylgja på kapitla var uklår, det låg føre fleire utkast, og det mangla ein tittel på verket. Tittelen “A Moveable Feast” kom frå eit brev Hemingway skreiv til venen E. A. Hotchner:

If you are lucky enough to have lived in Paris as a young man, then
wherever you go for the rest of your life, it stays with you, for
Paris is a moveable feast.

45 år seinare, i 2009, kom The Restored Edition. Redaktør og barnebarn Sean Hemingway påstår at denne utgåva ligg nærare det Hemingway ville ha ynskt, med dei siste endringane han føretok, med ei rekkefylgje nærare den han var komen til i 1961, og der fyrste kona, Hadley, er heltinna. Det er kanskje ein råare Hemingway som framstår i denne versjonen, men ein sannare, ifylgje barnebarnet (og til dels sonen Patrick, som har skrive føreordet til denne utgåva). Ikkje alle er einige, men berre denne uklårheiten i utgjevingshistorie – og alle moglegheitene ulike versjonar gir Hemingway-lesarar og -tolkarar – er i seg sjølv nok til at A Moveable Feast vert spanande lesnad. Og det stoppar jo ikkje der.

A Moveable Feast gir eit lite innblikk i korleis Paris var for unge kunstnarar på 1920-talet. Slik denne utgåva framstår er ikkje kapitla nødvendigvis kronologiske, men ein ser likevel ei utvikling i forfattaren og venen – og fienden – Hemingway, frå den prøvande, famlande, iderike journalisten, til han som er forfattar på heiltid og som har funne si stemme. I tillegg er det heile tid den gamle mannen som kommenterer den unge, Papa H på 50-talets Cuba veit korleis det gjekk med Hemingway i 20-talets Paris. Paris-skissene gir eit godt innblikk både i det Gertrude Stein døypte “the lost generation” (denne dåpen er sjølvsagt med i Hemingway sine minner), og i Hemingway sin skrivestil. Få kan som han skapa så sterke kjensler utan å nemna kjenslene, berre gje oss nok detaljar til at me sjølv finn oss mellom høge hus i ein kald by der ein berre ventar på våren og det er varmare å arbeida på kafe enn i sitt eige atelier.

The Restored Edition gir, i tillegg til ei endring i rekkefylgjen av kapittel, nokre skisser og utkast både til historiar og til innleiingar og avslutningar, som Hemingway aldri fullførte. Ikkje berre gir det eit spanande innblikk i skriveprosessen, men òg i korleis Hemingway (påstår at han) såg på verket sitt. Kanskje var han ikkje fullt so nostalgisk til Paris 1925 som me har innbilt oss – det som er sikkert er at han ikkje nett er nådig med ein del av forfattar-kollegaane, eller med seg sjølv, t.d. samanlikna med den gode Ezra Pound, eller i behandlinga av kona Hadley.

If the reader prefers, this book may be regarded as fiction. But there
is always the chance that such a book of fiction may throw some light
on what has been written as fact.

A Moveable Feast er blitt ein klassikar, og rettmessig so. Både for dei som kjenner Hemingway godt og dei som møter han fyrste gong er boki ei glede å lesa - for nokre for å bli kjente med eit forgangent Paris, for andre å bli kjent med litteraturen og skikkelsane i den gjennom ein av dei største innanfor feltet.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No når Den Nationale Scene i Bergen skal setja opp Momo som teaterstykke for born (og vaksne) fekk eg òg endeleg somla meg til å lesa denne vesle perla av ei bok.

Momo, eller kampen om tiden handlar om vesle Momo, som bur åleine i ruinene av eit amfiteater. Det gjer ingenting at ho er åleine, for ho får fort mange vener – Momo er nemleg so god til å lytta. Men etterkvart forsvinn fleire og fleire av venene hennar, og berre borna, gamle Beppo gatefeiar og Gigi framandførar er att. Dei andre har ikkje tid lenger, det er nokon som stel tidi deira, utan at dei oppdagar det. Berre Momo er ein god nok lyttar til å oppdaga sanningi, og ei modig nok jente til å kjempa mot hæren av grå menn om menneska si tid.

For ein unge ligg nok mykje av spenningi – ja, beint ut skrekken – i denne boki i Momo sin kamp mot dei grå mennene: slepp ho unna? Slepp venene fri? Klarar ho å få attende tidi? For oss eldre er jo dette sjølvsagt relevante spørsmål, dei òg, men i tillegg ligg mykje av skrekken i at me kanskje kjenner oss meir att i innbyggarane i byen, venene til Momo, enn i Momo sjølv. For er det ikkje fort slik at me ikkje har tid, at me må arbeida litt meir, litt fortare, for dermed å få meir tid til – ja, til kva? For Ende peikar på at tidi kan ikkje sparast opp, den ventar ikkje til ein er gamal, den er her og no – “tid er liv. Og livet er i hjertet.” Som i Den uendelige historie fortel Ende oss noko viktig om oss sjølv – der handla det om å ta vare på fantasien, her er det å stoppa opp og lukta på timeblomane.

Omtalen var fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ruth Thomas vender heim til øya Fort Niles utanfor kysten av Maine etter nokre år på fastlandet. Kva ho vil gjera med livet sitt veit ho ikkje, ho seier ho vil bli hummarfiskar som faren, men det er ikkje heilt sant. Helst vil ho at ingen skal bestemma over ho, men det er mange som har meiningar om Ruth.

Stern Men handlar om Ruth, om hennar oppvekst og framtid. Men mest handlar det om hummar, om fiskarar og om øyane. Gilbert har skrive ein roman som fortel historien til eit for meg eksotisk samfunn, som det no, midt på 70-talet, går nedover med, etter mange opp- og nedturar gjennom vel hundre år. Dette er historia om enka med guteflokken, om øybuaren som er redd for sjøen, om den rike sommargjesten, om dei som jobbar og døyr på havet – og alt er fortalt med både varme og humor, og den heimvendte utanforståande sin kjennskap og distanserte blikk.

Eg har brukt lang tid på denne romanen, mest fordi det ikkje var noko plot som greip meg. The devil is in the details, seier ein, og her er djvelen i digresjonane – det er digresjonane som skapar romanen, men òg som gjer at livet til Ruth Thomas ikkje dreg ein med i ein malstraum, men heller verkar som det rolege auga i stormen, og det hastar ikkje med å finna ut korleis det går med henne og resten av hummar-øyene. Likevel: Gilbert har gitt eit innblikk i ein utdøyande kultur og folkeslag, dei hardføre Maine-mennene som fiskar og kjempar og står på sitt, og kvinnene som gjer det same på land. God bok, lettlest, men sein. Kanskje litt som Maine-mennene?

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Elizabeth og hennar Fitzwilliam Darcy har vore gifte i seks år, og lever lukkeleg på Pemberley. Dei er midt i planleggingi av det årlege ballet, når ei vogn rasar inn på tunet, Lydia Wickham dett ut og ropar at mannen hennar er skoten. I skogen finn dei ein mann død, men det er ikkje Wickham - det er unge Denny. Livet på Pemberley vert kanskje aldri heilt som før når mordet skal oppklarast og nye og gamle hemmelegheiter kjem fram i dagen.

Death Comes to Pemberley er ein pastisj over Jane Austen og hennar Pride and Prejudice, og ein absolutt vellukka sodan. James låner figurane med stor respekt - særleg Darcy får ein ny dimensjon med hennar penn - og språket er Austen sitt, om enn i noko meir moderne utgåve. Og som elles i James: krimhistoria har ein liten vri - kanskje ikkje kjempeoverraskande, men nok til å halda spenninga og interessa oppe.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Coraline og foreldra har flytta til eit gamalt hus som er delt i tre leilegheiter. I kjellaren bur to systre som ein gong var berømte, medan mannen på loftet trenar eit museorkester. Huset elles er heilt vanleg, utanom døri innanfor finstova, som eigentleg skal føra rett inn i ein vegg, men som ein dag fører til ei anna finstove, eit anna kjøken, og ei anna mor.

Coraline er i kjent Gaiman-stil. Det er ei barnebok, men sopass skummel at eg ikkje turte å lesa den om kvelden (det er noko med skildringane av mori med knappeaugo som er særs forstyrrande), og Gaiman tek barnet på alvor. På den måten liknar Coraline både på Ocean at the End of the Lane og The Graveyard Book, men Coraline er hakket enklare, iallefall overfladisk sett. Ho har eit kort handlingsforløp, og små avstandar, men når ein kjem til slutten oppdagar ein at ho handlar om meir enn å sleppa unna ondskapen. Ho handlar om den vesle som vinn over det store, at kanskje ikkje alt er slik det ser ut som, og om faren ved å få alt ein ynskjer seg. Dessutan er ho spanande som berre det – kanskje særleg for ungar, eller dei av oss som klarar å skremma oss sjølv i mørke augustkveldar.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvart år vert ti-tjue japanske turistar diagnostisert med Paris-syndromet, og sendt heim frå ferie i den franske hovudstaden. Syndromet er ein psykisk liding som kjem som resultat av høge forventningar og skuffelse, over Paris. Kanskje er det dette hovudpersonen i debutromanen til Heidi Furre lir av - sett reint vekk frå at ho antakeleg ikkje hadde so høge forventingar.

Jenta i romanen er 24 år, og har forlete Oslo til fordel for eit år i Paris. Kvifor er litt uklart, anna enn at ho har eit forhold bak seg, og få planar føre seg - utanom å læra seg fransk. Kanskje ligg forventningane meir hjå andre, hjå besteveninne og ekskjæraste, som begge ser på opplevinga i Paris som noko stort og eksotisk. For hovudpersonen handlar det om å gjera Paris til eit heime, ein by ho bur i, ikkje berre besøker. Det skjer ikkje mykje i romanen, noko av den ytre dramatikken vert spelt svært ned, medan det er den indre uroa og usikkerheiten som kjem til uttrykk. Trass dette ser ein ei stor utvikling i hovudpersonen gjennomm dei vel 200 sidene - og året i Paris.

Dette handlar om å vera ung og reisa utanlands - eller kanskje berre til ein ny plass. Om å ikkje vita kva ein vil eller kven ein er eller kva ein heilt driv med. Om nye venskap som plutseleg oppstår utan at ein har tenkt over det, og å sakte, men sikkert bli kjent ein ny stad. For ungdom som drøymer om Paris (eller andre eksotiske reisemål) kan romanen til Heidi Furre gje eit lite innblikk i at alt ikkje er som dei glossa sidene i brosjyrane - men at det gjerne går greitt til slutt.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

MarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjersti