Dei fleste meiner å vita kven kaptein James Cook var. Men dei færraste veit det, når det kjem til stykket. Så for å ta det først: James Cook var den mannen som segla rundt omkring i verda og planta det britiske flagget flest mogleg stader - i Stillehavet, New Zealand og Australia - og la dermed det fysiske grunnlaget for det britiske imperiet. Intet mindre.

I røynda, for han sjølv og mannskapet hans, vart det kanskje opplevd annleis - ferdene innebar risikable sjøreiser, dei segla i ukjend hav på leit etter eit land som kanskje ikkje fanst (og det ultimate landet, "det siste landet" fanst då heller ikkje), det var som å leggja ut på ei ferd med livet i neven. Ein ting var storm og uver, sjukdom var ei anna fåre.

Og fann dei paradis, så var heller ikkje det bra - opphaldet på Tahiti og andre sydhavsøyer, der livet var lett og mennene vart omgjevne av vakre og nakne kvinner, skar seg heilt og Cook måtte ta harde middel i bruk for å oppretthalda god britisk disiplin og orden hos mannskapet. Cook vart til sist drepen av dei innfødde på Hawaii.

Øistein Hølleland si bok om James Cook og ferdene hans er spanande lesing, godt skrive og passe lang. Den er bygd på Cook sine eigne loggbøker og anna materiale - og eg godtek utan vidare at framstillinga er korrekt.

"Det siste landet" er ei god bok om ein mann og hans historiske tyding.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Så fint at du har løfta fram denne boka! Jeg har lyst til å lese den.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GTuridmajaHelen SkogIrakkHarald AndersenAnne-Stine Ruud HusevåggretemorKirsten LundHeidi HoltanVannflaskeHarald KJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlagingStig TJulie StensethBookiacFrode Øglænd  MalminTheaSilje HvalstadsiljehusmorVibekeTom-Erik FallaLars MæhlumTor Arne MyklebustWenche VargasCarine OlsrødReadninggirl30Margrethe  HaugenJoannHilde VrangsagenIngunn SINA TORNESsomniferumAnneWangDemeterIreneleserLisbeth Marie UvaagDaffy Englund