Eg har nettopp lese ut triologien.
Eg er litt usikker på kva eg eigentleg har lese. Kor allvitande er forfattaren?
I den fyrste eller andre boka blir eit barn drepe ved indianarleik, men det kjem aldri fram kven som drap ho vel? Eller var det David? I siste boka snakkar psykiataren og David om det at David har drepe nokon, men det blir ikkje nemnt kven han har drepe, og så plutseleg seier han at drapet var noko han dikta opp for å gjere forsking til ei bok han skriv.
Kva er eigentleg grunnen til at David er blitt som han er blitt? Er også antydning om misbruk i barndomen, men det blir ikkje stadfesta, og så plutseleg sluttar boka med at David har oppsøkt dei biologiske foreldra sine og har takka ja til å jobbe i laksebedrifta til familien.
Eg synes innsirklinga som Tiller har brukt 1500 sider på sluttar før vi eigentleg får vite noko?
Og dessutan har innsirklinga pågått så lenge og omstendeleg, og gjennom så mange personar og nokolunde like stemmer at eg ikkje klarer å få eit overblikk.

Kva tenker de som har lese triologien?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Eg tenkjer at om det var ein ting det heile begynte med som forklarar alt, så ville det likevel ha vore mange andre ting oppgjennom oppveksten og livet som spelte vidare på det og som kunne vere delforklaring, men kort og godt når David har funne ut kor han kjem frå og er tilbake nær der han vaks opp, så gjer han eit val om å prøve ein gong til, slutte å vere i opposisjon til alt og alle, og å seie ja til nye mulegheiter. Sjølv om mange ting framleis er vanskeleg og han grublar og er vrangtenkt. Kanskje det då ikkje er så interessant lenger akkurat kva det var som skjedde då han var liten?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

https://linjene.wordpress.com/2014/09/16/innsirkling/

Godt sagt! (0) Varsle Svar

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45074/Kayser_master.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Svært interessant masteroppgåve om Innsirklingstriologien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude Jensen