Rød mann/Sort mann er ei forteljing basert på verkelege hendingar og personar. Det er av den type bok som vert verande i kroppen og i tankane lenge etter avslutta lesing. Her får ein vita mykje om kroppsvæsker, om stank og skitt, om overgrep og vald, om død og fordervelse. Alt det ulekre og triste er ubehageleg å lesa om, men på ein tankevekkjande måte.

Kim Leine skriv med ein råskap, eit engasjement og ei innleving på ein måte som få andre forfattarar gjer. Skildringane av menneske og miljø er levande og nære. Trass i boka sitt omfang - 600 sider - vart eg aldri lei. Om noko skal pirkast på, er det at dei religiøse og filosofiske betraktningane vert litt langtekkelege enkelte gonger. Eg har også litt "problem" med Aappaluttoq som svevar overalt og dukkar opp både her og der, men eg tykkjer likevel ikkje at dette forteljargrepet forringar leseopplevinga mi.

Boka handlar om så mangt, på mange ulike plan. Om liv og død, om kjærleik og truskap, om offer og frelse, om religiøs fanatisme, om rasisme, om galskap og om menneska sine (manglande) evner til å tilpassa seg. Boka er svært folkerik og perspektivrik. Ein får vita korleis dei som befann seg på ulike stader og livssituasjonar såg på korleis tilværet var. Synsvinklane skifter ofte, også innan same kapittel og same side. Ein skal difor vera ganske vaken og konsentrert medan ein les.

Rød mann/Sort mann er ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar. For meg vart det ei praktfull leseoppleving. Anbefalast på det sterkaste.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Ingeborg GTanteMamieTurid KjendlieAnniken RøilLisa Chatur VestbyEgil StangelandMargrethe  HaugenPiippokattaNina GLene AndresenRufsetufsaKirsten LundLailaRisRosOgKlagingVannflaskeAmanda ACecilie EllefsenConnieBjørn SturødCaroline Ekornes JohannessenAlice NordliTrineingar hEllen E. MartolTorill RevheimAud- HelenTom-Erik FallaElinBeKjell F TislevollMarit HåverstadFriskusenAnneWangIngunn SKarin BergmgeHeidiAud Merete RambølTore HalsaJulie StensethKjell P