Emma bur i Stavanger og skal byrja i 10.klasse. Den sommaren blir ho forelska i Hester som er halvt amerikansk. Men han har berre sommarjobb i Noreg, han går på skule i USA. Dei nærmar seg kvarandre forsiktig, og har ein fantastisk sommar saman.

Ho byrjar 10.klasse med kjærleikssorg. Hester skriv meldingar og epost til ho, men ho finn ikkje ord til å svare med, for ho er berre trist og saknar han. Ho prøver å gå vidare, og blir med på fester og fortsetter å utforska ungdomslivet. Det blir mange festar, alkohol, nye venar, nye gutar. Det er ikkje lett å finna ut kven som er ekte venner, og kven som er oppriktig interessert i deg. Det er mykje ein må finna ut av når ein er 15.

Skal ho til dømes bli med bestevenninna når ho vil heim frå festen, eller skal ho bli att åleine for å oppleva noko spanande? Kanskje gløymer ho at venninna kan bli lei seg. Kanskje er ho litt full, og saknar å føla seg elska. Kanskje ho tek ein sjans og stolar på ein gut ho akkurat har møtt fordi han er kjekk og gjer ho komplimenter.

Det eit poetisk og enkelt språk. Mykje blir fortald med få ord. Her er det mykje ein kan kjenna seg att i. Enten ein er gut eller jente, populær eller utanfor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Morsomt at vi er litt uenige om denne og Pappa er et postkort. Jeg syntes først at denne boka var så overforenkla i språk og handling at den ble utroverdig, men når jeg leser omtalen din ser jeg jo at den handler om veldig mye som er vanskelig når man er ung, og at mange sikkert kan kjenne seg igjen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er heldigvis lov å vera einige om bøker! som me var inne på i bokklubben så har sikkert ungdom på den alderen litt ulikt referansegrunnlag, så det som virker urealistisk for ein er kanskje veldig aktuelt for ein annan.

Eg synest at det enkle språket gav mykje rom til å fylle ut handlinga sjølv, og ikkje minst sjå for seg handlinga i hovudet. Eg følte at stemninga var poetisk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MTanteMamieReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalHarald KPirelliTone HFride LindsethelmeEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundAvaKjell F TislevollVegard BorgenNorahStig TMarit HåverstadVannflaskeAnn ChristinDolly DuckLisbeth Marie UvaagDemetergretemorTor-Arne JensenmgeThea