Det ville Østen er ein road-movie, nei sjølvsagt: ein train-movie inn i Sibir, inn i Sibirs hjarte, i russisk tankegang, kultur og ukultur. Reisa viser fram einskildtypar, folkegrupper og landskap. Den streifar historie og geografi. Eg veit mykje meir om Russland og Sibir enn før eg las boka. Men dette er ingen dokumentar eller faktabok. Likevel greier skrivaren på snedig vis å fletta inn mykje innsikt i sibirologien som ho kallar det. Boka er likevel ein roman, for inn i alt dette er der ei slag venskaps-(kjærleiks?)historie som gjev boka eit fint driv.

MiRee Abrahamsen skriv godt, nokre veldig få gonger syntest eg det kan bikka over og verta litt affektert, men alt i alt eit levande friskt språk. Mange flotte observasjonar levert som fine one-liners.

Der er noko unorsk over boka. Det har sjølvsagt med temaet å gjera: framand kultur må per definisjon bli unorsk ! Men det er noko med haldninga, attituden til dette framande som eg likar: ikkje-moraliserande, til tider politisk ukorrekt. Der ligg ei forståingsfull observering og kjærleik til dette veldige landskapet i heile underteksten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Train-movie! Den var bra! Jeg har akkurat lest ferdig boka og likte den godt. En uvanlig, humoristisk, og velskrevet reiseskildring. Jeg har skrevet om den her: http://knirk.no/2012/12/det-ville-osten-b-miree-abrahamsen/

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaSivHanne Kvernmo RyeConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalHarald KPirelliTone HFride LindsethelmeEllen E. MartolPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundAvaKjell F Tislevoll