Sterkt....

Fysisk utmattande lesing....Boka har stått uopna i hyllene lenge, og det har det vore ein grunn til! Sjølv ein strålande, vakker haustdag kan ikkje ta bort uhyggen sånn med det same. Den einaste trøysta er sitatet på siste sida i boka (bøkene):

Under den kalde sand drømte jeg om om døden / men våknet ved daggry og så / den vakre, den klare morgenstjerne.

Vi er i New York/ Brooklyn i 1947 - og i Polen /Krakow og Auschwitz og Birkenau i åra under den 2. verdskrigen. Hovudpersonane er desse tre: Nathan, amerikansk jøde, Sofie - polsk katolikk som kjem til New York etter krigen, og sørstatsmannen og forfattaren Stingo. Forteljarstemmene varierer, både i innhald og intensitet, også forfattaren,W. Styron, er "synlig"...

Historia snirklar seg fram ved desse tre, sakte, sakte og meir og meir intenst grip det tragiske inn, og gjennom mange digresjonar, både trivielle og vonde situasjonar, ved mange frampeik om umenneskelige påkjenningar vert det grufulle avslørt meir og meir....

Boka er full av kontrastar: Rikelige mengder av erotikk, umetta begjær og sensualitet - i motsetning til det rå, brutale og umenneskelege,....... kjærleik, venskap og omtanke som ikkje er i stand til å bekjempe / overvinne vald, sjalusi og fornedring,løgn og fornekting......Og nazismen i all si gru!

Terningkast vert uaktuelt .....

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Jeg har aldri lest denne boka, men husker filmen godt. Tror jeg var litt for ung for den....for jeg forsto ikke og likte ikke Sophie, hun irriterte meg. Men det var jo en av filmene som fikk meg til å bli Meryl Streep-beundrer for all framtid, sammen med Kramer mot Kramer, Holocaust og Den franske løytnantens kvinne.

Får lyst til å lese boka!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Såg filmen for mange år tilbake, og det var ein av grunnane til at boka vart ståande uopna - innhaldet vart for krevande. Er glad for at eg er gjennom no - Ei sterk oppleving! Har også Den franske løytnants kvinne ulest i bokhylla, så den får eg ta ein annan gong....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Helen SkogIngeborg GIrakkHarald AndersenAnne-Stine Ruud HusevåggretemorKirsten LundHeidi HoltanVannflaskeHarald KJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlagingStig TJulie StensethBookiacFrode Øglænd  MalminTheaSilje HvalstadsiljehusmorVibekeTom-Erik FallaLars MæhlumTor Arne MyklebustWenche VargasCarine OlsrødReadninggirl30TuridmajaMargrethe  HaugenJoannHilde VrangsagenIngunn SINA TORNESsomniferumAnneWangDemeterIreneleserLisbeth Marie UvaagDaffy Englund