Handlinga tek plass i Zimbabwe og strekker seg frå 1980 til slutten av 90-talet. Me blir kjend med tenåringsjenta Lindiwe akkurat i det ei ulykke skjer hjå naboen. Huset tek fyr og ei kvinne dør i brannen, og sonen hennar blir mistenkt for å ha starta brannen. Han blir sett fri eit år etter, og Lindiwe forelskar seg i guten som heiter Ian McKenzie og er kvit Zimbabwar.

Ian Mckenzie blir etter kvart ein kjend fotograf som får med seg mykje av dei politiske rørslene i Zimbabwe og Sør-Afrika. Lindiwe blei gravid med Ian, noko ho ikkje får fortald han før fire år etter. Mora til Lindiwe har til då teke seg av guten. Ho forgudar guten, men snakkar knapt til Lindiwe fordi ho har vore med ein kvit mann. Når Ian finn ut kva som har skjedd tek han med seg Lindiwe og guten David, og dei flyttar saman i Harare.

Bakteppe: Dei politiske omskiftingane dannar eit bakteppe for denne kjærleikshistoria. Me får eit innblikk i korleis det er å vera eit par der den eine er mørkhuda og den andre er kvit, i eit land der Apartheid var styreforma fram til 1980. Då vant Mugabe det første frie valet etter mange år med geriljakrig mot det kvite mindretalet i landet. Denne historia satte djupe spor hjå folket i Zimbabwe, og det er interessant å sjå korleis etterdønningane av rasehat gjer utslag hjå både dei kvite og dei svarte i denne boka.

Handlinga blir fortald i eg-person, og språket er poetisk og flytande. Ein får verkeleg kjensla av å vera i tankane til Lindiwe. Nokre gonger er språket dvelande og skildrande, medan det andre gonger bær preg av fart, dramatikk og redsle. Det er mykje replikkutvekslingar gjennom boka, og språket har mange innslag av uttrykk frå zimbabwisk, ndebele, sørafrikansk, zulu, swahili og chichewa. Orda står oversatt i ei ordliste bak i boka. Etter kvart blir ein fortruleg med nokre av desse utrykka, men til tider kan det vera plagsamt å måtte slå opp bak i boka.

Forfattar: Irene Sabatini vaks opp i Bulawayo i Zimbabwe. Ho gjekk på universitet i Columbia. Ho mottok Orange Award-prisen for nye forfattarar i 2010.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Dette var ei spennende bok! Både på grunn av den helt umulige kjærlighetshistorien, og på grunn av situasjonen i Zimbabwe rett etter at Ian Smith hadde overlatt landet til sin egen skjebne. Jeg husker den tida da Mugabe etablerte seg som landets "redningsmann". Dessverre har han ikke innfridd forventningene mange hadde om demokrati og frihet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er det nokon andre som har lese denne boka? Kva synest de om den? Kvar oppdaga de den? Kvifor valgte de å lesa den?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikke vært borti denne før, men ble nysgjerrig og skal sjekke den ut.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Her er ei omtale av Nabogutten av forfattaren sjølv:

http://www.youtube.com/watch?v=r7t49EvRaFY

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Fride LindsethelmeEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundMads Leonard HolvikAvaHarald KKjell F TislevollTanteMamieVegard BorgenNorahStig TMarit HåverstadReadninggirl30VannflaskeAnn ChristinDolly DuckLisbeth Marie UvaagDemetergretemorTor-Arne JensenmgeTone HTheaINA TORNESJanne Kristin HøylandArne SjønnesenRonnyIreneleserSolveigTuridmajaInger-LiseEivind  Vaksvik