Unge Tristran Thorn veks opp i byen Wall i England medan Victoria er dronning og fornufta rår i landet. Men Wall er ikkje som andre engelske landsbyar. Wall ligg heilt på grensa tilFaerie, landet på den andre sida av muren. Berre kvart niande år er det kontakt mellom landa, så når ei stjerne fell i Faerie, og Tristran lovar sin livs kjærleik å henta den til henne er det vel få som reknar med at det let seg gjera. Men Tristran er ikkje som andre folk i Wall - mor hans kom frå den andre sida.

Dette er ei barnebok for vaksne, der småfolk, hekser og falne stjerner er både daglegdags og farlege. Gaiman kan sjangeren inn og ut, og føl konvensjonane utan at det vert kjedeleg. Kanskje er ikkje dette ei av dei store og banebrytande fantasy-romanane, men det er ei opning inn i Gaiman si verd for dei av oss som synes at noko av det han skriv elles kanskje er litt langt vekk frå det forventa. Dessutan er det knakande god underhaldning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg synes den var nydelig og ganske morsom. Ikke Pratchett-morsom, men absolutt bra.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl