Ung gut ønskjer seg ein kjærest, og fantaserer, drøymer og filosoferer rundt dette. Han referer til kjende filmar, kjende personar eller bøker, og uttrykk henta frå musikktekstar eller frå fysikk-vitenskapen.

Nokre gonger uttrykkjer han seg på engelsk eller svensk, det siste på grunn av den søte, svenske jenta han blir kjend med. Teksten er skriven i diktform utan at den er poetisk, handlinga er rett fram med kvardagsskildringar.

Leseblikket svevar raskt frå side til side, og brått er boka ferdiglesen. Boka vann konkurransen "romantikk, fysikk, mystikk" i 2010, og kan nok appellere til ungdom som vil lese tunne bøker utan for mykje romantikk, kjensler og slikt, og som attpå kan knytast til fysikk og fag!

Men den egnar seg neppe for yrkesfagselevar med sansen for racerbilar. Kvifor kan ikkje nokon snart ta å skrive bra bøker for denne gruppa?!!!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TanteMamieAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundLars MæhlumHeidiSynnøve H HoelTorill RevheimLinda NyrudIngunn ØvrebøFindusLailaAnniken RøilTheaHanne Kvernmo RyeMads Leonard HolvikIreneleserDemeterLisbeth Kingsrud KvistenBeathe SolbergReidun SvensliPiippokattaNorahMorten BolstadBertyTonesen81Eileen BørresensveinAnne-Stine Ruud HusevågritaolinesomniferumEgil StangelandHarald KAgnete M. HafskjoldMarit AamdalReadninggirl30Dag AndreasNtotheaMarianne  SkageMarianneNCathrine Pedersen