Bok nummer fire i serien om Avdeling Q er ei spennande bok med fleire ulike historiar, og dei fleste trådane vert samla saman på ein snedig måte til slutt.

Jussi Adler-Olsen sine bøker om Carl Mørk & co er fulle av spenning, alvor og humor. Anbefalast.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Eigentleg burde eg ha lagt vekk prosjektet til Jussi Adler-Olsen: Litterært sett er verdien svært, svært liten: Usannsynlege historier (skjønt: i ei verd med konsentrasjonsleirar, atombomber, 11.9. og 22.7. er vel ingenting usannsynleg), fullstendig uinteressante personar (influensaen til hovudpersonen, hemmelegheitene til assistenten, forholdet mellom hovudpersonen og ekskona, forholdet mellom hovudpersonen og kjærasten) og mangelen på tematikk. Skvip, alt saman. Nei, ikkje alt: Komposisjonen. Som han kan skape spenning, Jussi Adler-Olsen! Derfor, og berre derfor, er eg hekta - dette, å ha fleire parallelle historier som avløyser einannan og gradvis kastar lys over fortida mens mysteriet blir oppklart i nåtida, dette gjer så bøkene, slik det blir sagt i ein av desse altfor mange trådane til bøkene, blir trafikkfarlege, ja bensinslukande, for her kan ein ikkje berre oarkere og slå av tenninga. Så får det vere som det vil med alt det andre. Eg ser på danske nettsider at det kjem ei ny bok "på efteråret". Ikkje bruk tid på omsetjing! Få hit den danske lydboka så snart ho er ferdig der nede (kanskje klarer den danske innlesaren å uttale franske, spanske og latinske ord rett, til og med - det er meir enn ein kan seie om Helge Winther-Larsen)!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Denne gikk litt over styr, synes jeg. Spennende? Ja. Men her gikk det nok litt for vilt for seg.....du verden for et scenarium.Komposisjonen var også noe løs, springende, rotete,; virket litt hastverksarbeid dette...men ønsker man spenning, så OK...noen litterær "perle" var det i hvert fall ikke.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethReadninggirl30Fride LindsethTor-Arne JensenTorJBBjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTone NorenbergTrude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis Vold