Etter å ha lese Gengangere undra eg på det, etter å ha høyrd radioversjonen av Keiser og Galileer er eg overtydd- Henrik Ibsen er ein dramatikar av verdsformat. Skodespelet er for det meste godt (særleg Sverre Solheim imponerar), men sjølv enkelte dårlege parti skjular ikkje at det sentrale likevel er ORDET, desse kraftfulle, makelause ord frå Ibsen. Dramaet er basert på reelle historiske figurar, og krinsar kring keisar Julian, den siste ikkje-kristne romerske keisar. Ettertida har gåve han tilnamnet "den fråfalne", då han på trass av ei kristeleg oppvekst avviste Kristus si læra. Dramaet sitt hovudfokus er nettopp Julian sine religiøse oppfatningar og sutet for å fråvrista dei kristne deira einerett på sola, sanninga og frelsa. Han ynskjer toleranse, men møtt med kristen intoleranse og fanatisme vert han sjølv ein fanatikar som tar i bruk tortur og fengsling for å skapa innsikt og stabilitet til riket. Eit alltid like aktuelt etisk dilemma- å nytta vald for å vinna fred. Julian hatar den såkalla Galilearen (Jesus), men hatet spring utifrå ein angst for frelsaren som gjennom heile barndomen har plaga han med sine krav om "du skal" for å koma til himmelen. Her vert ein viktig grunn lagt til forklaring for kristendomen sin siger over heidenske menneskesinn- lovnaden om evig liv, den ufråvikelege lydnaden for Gud og den blinde intoleransen mot andre truande og angsten og tvila for den evige dom. Julian, etter lange religiøse kvalar, kjem til den konklusjon at Galilearen står i vegen for attvendinga til den grekse gullalder kor visdom og venleik var dei sentrale omgrep og ikkje samtida sine rop om synd og soning (det er nesten som å høyra Nietzsche kviskra i kroken). Ibsen skal også ha ros for den truverdige sein-antikke stemninga, som i stor grad tuftar på denne tilbakeskudande lengsel til fortida, som ikkje minst er ei sterk drivkraft for Julian. Som også mange i dag, ser han samtida som moralsk degenerert og utan nobelt innhald. Verda er gamal; me lev i skuggen av sivilisasjonen sin solnedgang, det einaste som ligg framfor oss er barbari, intoleranse og fanatisme. Glitrande framstilt er dynamikken i Julian mellom rollen som inmateriell filosof og smigersvak konge, mellom dei gamle religiøse førestillingane og Galilearen, og mellom reaksjonsmønstera til enkeltindivid i ei brytningstid. Eller rettare sagt, som skildring av ein spesifikk historisk epoke er dramaet interessant,men som forsiktig bidrag til den evigvarande debatt kring store ord som religion, livsfilosofi, trusfridom, toleranse er dramaet mesterleg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

JoakimHilde Merete GjessingPernille GrimelandBente NogvaVannflaskeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde H HelsethKarin BerggretemorTanteMamieChristoffer SmedaasPiippokattaKirsten LundStig TLiv-Torill AustgulenellinoronilleBeathe SolbergNabodamaLesevimsaGro-Anita RoenIngvild SCarine OlsrødAnne Berit GrønbechBerit RbrekAvaLisbeth Marie UvaagMorten MüllerLinda RastenThomas KihlmanDressmyshelfEllen E. MartolJBRoger MartinsenTherese HolmEgil StangelandJakob SæthreAud- HelenBård StøreReidun Anette Augustin