Mr. Vertigo er ei spennande bok, full av dramatikk og action. Walter si livshistorie er ei reise i historien om Amerika i første halvdel av 1900-talet. Walter tar oss med gjennom depresjonen på den aude landsbygda i Midtvesten, til Chicago sitt mafiamiljø, vi får delta i showbiz i dei store byane og inn i den tørre ørkenen i Nevada. Det er nesten som på film. Og fordi Paul Auster er ein slik dyktig forteljar, lar eg meg overbevise av den aldrande Walt si engasjerande, men samtidig så urealistiske og usannsynlege, forteljing om livet sitt. Walter utvikler seg som kunstnar, før han faller frå den store høgda han står på. Og dei refleksjonane han gjer seg om denne utviklinga, er sannsynlege og realistiske, og ikkje minst gode.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserSolveigTuridmajaInger-LiseLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikToveBertyPiippokattaVannflaskeDaniel S.EvaCarine OlsrødAvaEileen BørresenKirsten LundReadninggirl30Kjell PsveinTheaSissel ElisabethStig TLinda NyrudMarianne_BenteDemeterHilde H HelsethKristofferNorahLene AndresenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudChristoffer SmedaasmgeBeathe SolbergSynnøve H HoelIngvild SHeidi HoltanHanne Kvernmo RyekntschjrldGro