Etter å ha komme godt i gang med Kejser og Galilæer var det artig å repetere Steens bok om Istanbul som lydbok. Forfattaren fortel ganske godt, og enkelte ting som hadde gått i gløymeboka sidan eg las ho, kom fram att. Akkurat passe, dette.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

På reisa til istanbul i 2003 var denne boka flylektyre. Det var tydeleg å merke at Steen er glad i byen og at han derfor ganske engasjert trekkjer fram dei sidene ved byhistoria som ein ofte ikkje hører her i nord. Godt med ei bok som ikkje er meir enn ho gir seg ut for at ho skal vere - her er det "historier om Istanbul", verken meir eller mindre. Høgdepunkta i bysantinsk og osmansk historie og kultur blir trekte fram i passe mengder. Fordjupe meg gjer eg i andre verk. Steen fortel forresten at bysantinske kjelder er tause om besøket til Sigurd Jorsalfar ...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundMads Leonard HolvikAvaHarald KKjell F TislevollTanteMamieVegard BorgenNorahStig TMarit HåverstadReadninggirl30VannflaskeAnn ChristinDolly DuckLisbeth Marie UvaagDemetergretemorTor-Arne JensenmgeTone HTheaINA TORNESJanne Kristin HøylandArne SjønnesenRonnyIreneleserSolveigTuridmajaInger-LiseEivind  VaksvikToveBertyPiippokattaDaniel S.EvaCarine OlsrødEileen BørresenKjell PsveinSissel Elisabeth