Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

For ei god solstadsk (i.e. Dag Solstad) setning er ei halsbrekkande ferd hit og dit, i tanken, i fiksjonen, den er eit stykke språk der ein får kjensla av at både språket og verda står på spel.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[...] frå gamalt av har ein gjerne rekna med eit slags samanfall mellom det estetisk vakre og det etisk gode. Eg trur faktisk også at eit slikt samanfall kan finnast. Og eg er så ekstrem at eg også trur det estetisk vakre og det etisk gode og det sanne kan falle saman, slik ein for lenge sidan gjerne trudde.

Essay: Litterær kvalitet / Krit.sirkelen, 1997

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvifor er så det litterære viktig? Nei sei det. For igjen å vende seg til Bloom (i.e. Harold Bloom): det kan eg aldri forklare for dykk, enten veit du det når du les ein sterk tekst, eller så kjem du aldri til å få vite det. Skreiv Bloom. Og skriv eg.

Essay: Om å lære å dø / Dagbladet, 1995

Godt sagt! (3) Varsle Svar

[...] mitt beste argument for nynorsken [...] Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje uforståelege grunnar. [...] er først eit menneske født spør vi ikkje om det er rett eller feil at det er her, har så dette mennesket fått lære seg eit skriftspråk, er det heller ikkje lenger spørsmål om det språket har livets rett.

Essay: Min kjære nynorsk / Norsklæraren, 1992

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marit HåverstadTherese LiergretemorNina J.B.Karamasov11Readninggirl30SolveigPerSpelemannThomas Heie H.Tore OlsenLilleviMartine GulbrandsenTor-Arne JensenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHarald KKjell F TislevollHilde H HelsethEivind  VaksvikMads Leonard HolvikMonica  SkybakmoenStig TmgeAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryLailaPiippokattaKaren RamsvikAmanda AHanneEllen E. MartolIngunn SMalinn HjortlandEli HagelundAnita S.LinnNikkaGladleserJarmo Larsenalpakka