Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

eg og farfar
heiter nesten akkurat det same
brynjulf tjønn
brynjult jung tjønn
men den vesle forskjellen
er mellomnamnet
fire små bokstavar
som skapar ei heil verd
mellom oss

Godt sagt! (1) Varsle Svar

kven spring i mørkret?
tre barn spring i mørkret
er det arve beheim karlsen?
er det benjamin hermansen?
er det johanne ihle-hansen?
tre norsk barn
med tre norske namn
karlsen
hermansen
ihle-hansen
tre barn spring i mørkret
eg spring ikkje i mørkret
eg sit i mørkret
og les om
arve
benjamin
johanne
eg skriv dei fram
på det lyse papiret
det kvite papiret

Godt sagt! (1) Varsle Svar

då eg fekk kjærast
spurte eit syskenbarn
om kjærasten var slik som meg
eller om ho var norsk

Godt sagt! (1) Varsle Svar

i eit bryllaup kjem brura sin far
bort til meg og spør
where are you from?
eg svarar
at eg er norsk
at eg er adoptert frå sør-korea
men har vakse opp nesten heile livet
på en gard på vestlandet
han spør meg
om eg trivst
med å bu
i norge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

først skulle eg blitt adoptert
til ein annan norsk familie
berre mannen sitt namn står oppført i rapporten
det finst minst to menn med det namnet i norge
den eine er lærar
den andre jobbar i kreftforenginga
ein av dei mista ei dotter under tsunamien i thailand
denne norske familien avbestilte adopsjonen
januar 1983
same dag blei eg lagt i handlekorga til
mangnar og helga tjønn
23. august blei eg frakta til norge

sidan har eg
sett meg tilbake

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliTrineingar hEllen E. MartolTorill RevheimAud- HelenTom-Erik FallaElinBeKjell F TislevollPiippokattaMarit HåverstadFriskusenKirsten LundAnneWangIngunn SIngeborg GKarin BergTanteMamiemgeHeidiAud Merete RambølTore HalsaJulie StensethKjell PHanne Kvernmo RyeINA TORNESHarald KKnutMIreneleserReadninggirl30TheaMonica CarlsenEirin EftevandNabodamaBeate KristinIngvild RosslundNikkaHilde H HelsethLinda NyrudSynnøve H Hoel