Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Er det sånn at alle lengtar? Ikkje kvar dag, kanskje, men innimellom. Kan hende går lengten til ein by eller ei bygd eller eit land langt borte der du ikkje er til vanleg nordover, sørover, mot aust eller rett vest?

Kan hende har du vakse opp der, eller ein av foreldra kjem derifrå, og du har feriert der som barn og blitt glad i nett desse fjella, gatene, skogane, øyane, strendene. Kan hende kjem du deg ikkje dit lenger, og grunnane kan vere mange til det, men du har mange minne som er knytte til akkurat desse svaberga og knausane, og då blir dei kan hende vakrast, heilt objektivt sett vakrast på jord, til og med så vakre at det kan gå på sanninga laus.

Og så blir du eldre, og kroppen får meir plass til nostalgi, og då kan ho bli sterkare, denne lengtinga, dragninga? Eller kan hende ikkje i det heile. Kan hende vil du aldri tilbake, ikkje eingong på ferie.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og naturen verkar på og i oss. Det er gjort undersøkingar om kva urørt natur og naturlege lydar gjer med sentralnervesystemet, og det er skrive dikt og songar, men verken orda eller kunsten eller forskinga kan erstatte eller fullt ut forklare den ordlause kjensla i kroppen no, denne roa, flyten. Roa i rørsle. Kadonk, kadonk, plask. Denne gjentakinga. Kadonk, kadonk, plask.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

No er det god plass til å tenke på det, kven vi vil vere. Eg tenker at eg må bli rausare. Bli endå flinkare til å sprenge dei rammene og båsane som vi heile tida snikrar i hovudet, og som styrer språket og handlingane våre, og som vi hardhendt plasserer kvarandre i, utan å spørje om lov. Båsar med merkelappar som hudfarge og kjønn og meiningar og prestasjonar og kropp og religion og kva for føkkings land eller by eller bygd du kjem eller ikkje kjem frå. Kan hende er det sånn at dei fleste gjer så godt dei kan, ut frå sitt utgangspunkt, og dette er lett å tenke i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kan hende ser vi meir no når vi reiser så sakte. Sjølvsagt gjer vi det, men har vi plass nok til å reflektere over alt som er og har vore, i kjølvatnet vårt, i etterdønningane, får vi meir innsikt? Eg veit ikkje, eg vil gjerne tenke meir, på kven eg vil vere, men no alt går i eitt med bølgeskvulp, kadonk, kadonk og skiftande vindretningar, straumar og stadige samtalar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi har framleis fjorden for oss sjølve. Og for ein fred det er. I rørslene. I stilla. Kan hende var det dette som var meininga med det heile. Lyden og synet av årene som duppar i fjorden. Dei store, grove hendene til mannen. Pusten vår som går i takt med taka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Fride LindsethAnne-Stine Ruud HusevågKirsten LundMads Leonard HolvikRagnar TømmerstøBente L.HanneBeathe SolbergHarald KBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit Mogstad