Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Berre mellom ein og nokre få prosent av befolkninga oppfyller kriteria for autisme. Men svært mange, kanskje dei aller fleste, pleier å kjenne seg igjen i dei autistiske trekka.

[...]

Men: Autisme inneber per definisjon vanskar, og omfanget av dei er lett å gløyme om ein byrjar å la det gå inflasjon i bruken av omgrepa med eit "eg har visst ogå eit snev av autisme" eller eit "sånn er det jo for alle!". Sjølv om det berre er på spøk Det er nemleg ikkje sånn for alle.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg verken kan eller vil klassifisere særinteressene mine som problem. Nerdete - ja. Overdrivne - kanskje. Tidstjuvar - definitivt. Men samstundes står dei for noko som nærast kan samanliknast med sjelefred.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har funne strategiar, ingen som kjennest heilt trygge, men som i det minste skjuler korleis eg vaklar. Favoritten min er å gå inn i rolla som lyttar, å vri lyskastaren mot nokon andre, vekk frå meg sjølv. Det er som regel ei takknemleg rolle, ikkje berre fordi eg sjølv slepp å styre skuta, men ogå fordi det er utruleg mange som likar å prate, særleg når vi dei merkar at nokon verkeleg høyrer etter. Og det gjer eg godt, så lenge det ikkje blir kravd at eg skal kome med stadige kommentarar og eigne vurderingar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På ein måte har eg blitt meir tilbaketrekt. Eg tillet meg å vere det. Men ettersom det gjer at eg samstundes har det så utruleg mykje betre, opplever mange at eg har blitt lettare tilgjengeleg og utåtvend.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Eg tenkte at du kunne trenge det. Du må lære deg å nyte livet litt også. Eg veit at det kan vere jævlig av og til, men det treng ikkje vere berre det", seier han med ein lått, like varsamt som raslinga i grusen då han nærma seg ved elva.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjenslene mine er for det meste ein stor floke. Først må eg greie å begripe kva det er som skjer inne i meg. Eg kjenner jo at eg kjenner noko, og eg kan for det meste avgjere om eg har det ein slags bra eller ein slags kjipt, men å avgjere om det å ha det kjipt handlar om å vere trøytt, om angst, om stress, om sinne eller om det er noko anna i ein-slags-kjipt-avdelinga, er slett ikkje like lett.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det autistiske operativsystemet inneheld ofte også noko som ein pleier å kalle for manglar i dei eksekutive funksjonane. [...] Her inngår mellom anna evna til å planlegge og organisere, å ordne handlingane sine for å nå ulike mål, og å tilpasse åtferda til situasjonen. Manglar i dei eksekutive funksjonane kan for eksempel innebere at ein har vanskar med å kome i gang med ting og/eller å strukturere dei - å ro eit prosjekt i land frå start til mål. Det kan handle om alt frå småting, som å smørje eit smørbrød eller vaske toalettet, til større ting, som å arrangere ein fest eller ei reise.

For mange med autisme medfører det også problem med å automatisere - å gjere ting utan å behøve å tenke på kva ein gjer - og å generalisere - å overføre det ein har lært seg i ein situasjon, til andre samanhengar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Generelt klarer eg forandringar betre om eg får ein sjanse til å innstille meg på det som ventar. Helst vil eg vite så mykje som mogeleg på førehand: Kva kjem til å skje? Kven kjem til å vere der? Kva slags forventningar blir stilte til meg? Det er som om hjernen min i ro og fred må få sjansen til å førebu seg. Veksle, byte spor, som eit tungt, prustande gammalt damplokomotiv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TuridmajaTine SundalPirelliAnne-Stine Ruud HusevågFriskusenBerit RBente L.Hilde Merete GjessingHanne Kvernmo RyeEirin EftevandLinda NyrudEgil StangelandHarald Kmay britt FagertveitVegard Nordin LøvåAkima MontgomeryPiippokattaCarine OlsrødNicolai Alexander StyveMai-Britt GrøsfjeldHeidi LRufsetufsaBertyritaolineSolMarit AamdalIngunn SAnne Berit GrønbechSiriG LBjørg L.Lars Johann MiljeBjørn SturødsomniferumGromgeKarin BergMartinKirsten LundStian Axdal