Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

"Eg hadde sprunge min veg som ein brannskadd som hylande riv av seg brend hud og trur at ho riv av seg sjølve brannskaden.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg veit ikkje kvifor eg noterte dei namna i notatboka mi. Elena, Nani, Nena, Leni; kanskje likte eg måten Nina uttalte dei på. Ho snakka med jentungen og med dokka i eit behageleg, dialektalt tonefall, eit napolitansk som eg elskar, det mjuke av den leikne og ømme typen. Eg var trollbunden. For meg har språka eit hemmeleg sekret som no og då skummar opp, og som det ikkje finst motgift for. Eg hugsar dialekten i munnen til mor mi når det mjuke tonefallet brast og ho skreik til oss, forgifta av misnøye: Eg held dykk ikkje ut lenger, eg held dykk ikkje ut. Ordrar, brøl, krenkingar, livet spente seg ut i orda hennar, som når ein tynnsliten nerve, straks den er rørt ved, smertefullt skrapar vekk all sjølvkontroll. Éin gong, kanskje to, kanskje tre, trua ho oss ungane med at ho ville dra sin veg: Ein morgon vaknar de opp og finn meg ikkje lenger. Kvar morgon vakna eg og skalv av skrekk. Frå røynda forsvann ho aldri, i orda forsvann ho heile tida. Denne kvinna, Nina, verka derimot roleg, eg misunte henne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Heidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaSivHanne Kvernmo RyeConnieBjørg Marit TinholtEli HagelundLeseberta_23Marianne MReadninggirl30Mads Leonard HolvikMarianne  SkageIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalHarald KPirelliTone HFride LindsethelmeEllen E. MartolPetter Nikolai HansenMalinn HjortlandBjørg RistvedtHeidi HoltanFindusTralteKirsten LundAvaKjell F Tislevoll