Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Ei i berget det blå
blod kan ein lite på
ei gir hovet blod
ei er drotten tru

Vergene tre vil vike
søstrene tre vil stå
gudeborna svike
for blod kan ein lite på

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"Sjå her, Torgisl," sa han og dunka jaktkameraten i sida. "Har du sett kva kokka har laga til oss? Ei kake som ser ut som ho skammar seg over å vere kake. 'Nei, eg er slett inga kake, herre konge, berre sjå, eg er ein blomebukett, nei, ikkje et meg, herre konge, la meg vere, sjå, no kjem sommarfuglane.'"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var mørkt der inne, og grønt. Det grodde mose på kvar stein, og villvin slyngde seg langs tre så gamle at dei hadde falle, og oppover tre så gamle at dei så ut som dei aldri ville falle.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

«Eg veit ingenting,» svarte Ragna alvorlig. «Eller altfor lite. Men eg veit kva eg kjenner på meg. Kva som kjennest rett, og kva som ikkje kjennest rett.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

«Er det det eg skal lære? Korleis ein sender gåvene?» «Du, Ragna, skal lære mykje, mykje meir. Du har gåver i deg sjølv som ventar på at du forstår dei.»

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Berre gjennom kjennskap til alt som er, kan ein ære det som finst, og berre gjennom å kjenne og ære alt som finst, kan ein djupast ønskje å verje det.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når ho var sikker på at ingen såg henne, tok ho det fram, som ein hemmeleg liten fuglunge, gøymt i ei bitte lita eske, sveipt i kvit silke. Ho sat heilt, heilt stille og tenkte at ho opna eit løynt rom i hjartet, tok ut den vesle kassa, vikla av silken, lag for lag. Og der inne låg det sitrande, levande hatet. "Eg hatar kong Jorol av Syrren, far min, som lèt mor mi døy". Aila tenkte tanken heilt og tydeleg. Og så la ho han forsiktig tilake i eska, vikla han inn i kvit silke igjen, og la han varsamt på plass i det vesle sommet i hjartet sitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hell i kjærleik er som hell i krig, ein må kjempe for livet. Det er ikke nok å smile pent og håpe det beste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgePiippokattaWencheDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig T