Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Døden

Det er lenge til eg skal døy,
har eg bestemt.
Det er mykje eg skal ha gjort
før den tid,
mange jenter eg skal kysse
og gifte meg med,
mange land eg skal besøke
og hav eg skal symje i.
Og når døden ein dag kjem
i den store svarte bilen sin,
skal eg først be han inn
på ein kopp svart kaffi
før vi set oss i bilen og kjører.
Og når døden snur seg mot meg
og spør: No, har du fått
gjort alt du skulle?
skal eg svare fornøgd:
Ja, det har eg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Katten

Katten kjem heim.
Han ser ikkje på oss,
men beint mot matskåla.
Ingen veit kor han har vore.
Brått er han her.
Brått er han borte.
Han lever eit hemmeleg liv.
Han kysser prinsesser i lauvhytter
og dei kallar han redningsmannen sin.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg veit ikkje, eg

Eg veit ikkje
kven eg er
eller kor eg kjem frå
eller kven mor mi og far min er
eller når eg har fødselsdag
eller korfor eg sit her
eller kva katten og hunden seier
eller kva farger det er på himmelen

eg veit berre
at det deg eg vil kysse
akkurat no

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det er betre å bli oppeten av ulvar enn å ikkje bli oppeten i det heile

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Jakob SæthreAud- HelenBård StørePiippokattaReidun Anette AugustinLailaHelena EGodemineritaolineHanne Kvernmo RyeMads Leonard HolviksomniferumStine SevilhaugAnne Berit GrønbechLars MæhlumJulie StensethAnnamarithcTonesen81Harald KTheaTove Obrestad WøienRufsetufsaKjetilJorund KorbiKjersti SLilith NagelIngunn SHeidi LSigrid Blytt TøsdalTuridmajaTanteMamieHilde Merete Gjessingmay britt FagertveitJoannMorten BolstadGrete AastorpTjommimgeAnne-Stine Ruud Husevåg