Er det sånn at alle lengtar? Ikkje kvar dag, kanskje, men innimellom. Kan hende går lengten til ein by eller ei bygd eller eit land langt borte der du ikkje er til vanleg nordover, sørover, mot aust eller rett vest?

Kan hende har du vakse opp der, eller ein av foreldra kjem derifrå, og du har feriert der som barn og blitt glad i nett desse fjella, gatene, skogane, øyane, strendene. Kan hende kjem du deg ikkje dit lenger, og grunnane kan vere mange til det, men du har mange minne som er knytte til akkurat desse svaberga og knausane, og då blir dei kan hende vakrast, heilt objektivt sett vakrast på jord, til og med så vakre at det kan gå på sanninga laus.

Og så blir du eldre, og kroppen får meir plass til nostalgi, og då kan ho bli sterkare, denne lengtinga, dragninga? Eller kan hende ikkje i det heile. Kan hende vil du aldri tilbake, ikkje eingong på ferie.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Torill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudHeidi HoltanTrude JensenTanteMamieDaffy EnglundLailaEllen E. MartolRoger MartinsenTine SundalToveInger-LisePerSpelemannReadninggirl30Fride LindsethTor-Arne JensenTorJBBjørg RistvedtChristofer GabrielsenSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneHanne Kvernmo RyeBjørn Sturød