Malmen som råstoff for denne produksjonen kom hovudsakleg frå den dåverande Gullkysten, det nåværende Ghana i Afrika. Gruvene låg i Nsuta inne i landet, utskipingshamna heitte Takoradi. Frå smelteverket i Sauda på den skandinaviske Regnkysten gjekk ferdigprodukta, som var halvfabrikater til bruk i stålproduksjonen, til metallindustrien i dei engelske Midlands og det tyske Ruhr. Kol og koks, som også blei brukt i smelteprosessen, kom i fredstid vanlegvis frå Cardiff i Wales, Newcastle og andre gruvestrøk rundt Nord-sjøbassenget. Skatteoppgåvene gjekk til Cragmore på Bermuda, overskotet til New York City. Malm frå Gullkysten, svart kol fra Wales, kvite kol frå den norske Regnkysten, overskotet til New York, og skatten til Sjørøverøya. Som dei andre einsidig industristadane var også Sauda integrert del av ein fullt utvikla globalisert økonomi.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

gretemorKirsten LundHeidi HoltanVannflaskeHarald KJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlagingStig TJulie StensethBookiacFrode Øglænd  MalminTheaIngeborg GSilje HvalstadsiljehusmorVibekeTom-Erik FallaLars MæhlumTor Arne MyklebustWenche VargasCarine OlsrødReadninggirl30TuridmajaMargrethe  HaugenJoannHilde VrangsagenIngunn SINA TORNESsomniferumAnneWangDemeterIreneleserLisbeth Marie UvaagDaffy EnglundlittymseKaramasov11MathiasEli Hagelund