Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Under ein ryddeaksjon i bokhylla (der det ikkje berre stend bøker ...) tidlegare i vinter kom eg over denne vesle skatten som eg fekk i gåve frå ein slektning for meir enn 10 år sidan, og som eg no ikkje eingong hadde hugsa på at eg eigde.

Arne Holstad var fast spaltist i Vikebladet/Vestposten, lokalavis for Hareidlandet, i ei årrekke med sine "petitar", små skråblikk på kvardagen eller aktuelle hendingar, og gjerne med referansar til sin eigen oppvekst på 1930-talet, og under signaturen "aho". Eit knippe av petitane blei samla mellom to permar i 1999 under tittelen "Lausledninga". Det har også kome ei bok nr. 2 med nyare petitar.

Det er fornøyeleg lesing, og mange av stykka gir også eit rikt innblikk i levemåten i den nære fortida vår. Minst 80% av stykka tek undervegs lesaren med attende til 1930-talet på den eine eller andre måten. Ein del av tekstane er lett nostalgiske, men utan å tippe for langt over i klisjear. Det som løftar tekstane mest i mine auge er dei mange, uventa tankespranga forfattaren gjer undervegs. Innimellom nostalgien kjem ein også i tankar om at ein god del er betre no til dags enn på 1930-talet, og då tenker eg ikkje berre på det materielle. Forventningane om konformitet var nok sterkare i bonde- og fiskarsamfunna for 80 år sidan, og dette er ein arv ein etter mitt syn godt kan legge bort.

Ein del av stykka er skrive som kommentarar til aktuelle hendingar eller problemstillingar i nærmiljøet. Skulle eg peike på ein ting eg sakna så er det at det godt kunne vere ein referanse til kva for hending eller problemstilling kommentaren var mynta på (dette er gjort for berre eitt av stykka). I mange tilfelle forstod eg kva det gjaldt, men andre gangar så fekk eg kjensla av at der var eit poeng eller to som gjekk meg hus forbi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Arne SjønnesenKirsten LundVannflaskeRonnyIreneleserSolveigTuridmajaInger-LiseLisbeth Marie UvaagEivind  VaksvikToveBertyPiippokattaDaniel S.EvaCarine OlsrødAvaEileen BørresenReadninggirl30Kjell PsveinTheaSissel ElisabethStig TLinda NyrudMarianne_BenteDemeterHilde H HelsethKristofferNorahLene AndresenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudChristoffer SmedaasmgeBeathe SolbergSynnøve H HoelIngvild SHeidi HoltanHanne Kvernmo Rye