Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Når Jim Heron kjem ut for ei ulukke på byggeplassen der han jobbar, er det verken perleporten eller den andre staden som ventar på han. Ein grøn plen med fire englar og eit oppdrag kjem i staden. Jim skal redda sju sjeler frå sju dødssynder, og dermed ein gong for alle fri menneska frå undergangen.

Covet (publ. 2009) er fyrste bok om Jim og dei andre falne englande i fylgjet hans. Fyrst på lista over utsette sjeler står Vin diPietro. Vin, som fell pladask for Marie-Terese, som på ingen måte er ukjent hverken med synder eller syndarar. Boki brukar lang tid på å komma til poenget, og det er ikkje før i siste fjerdedel eller deromkring at problema viser seg, og kan løysast. Fyrste del av boki er, slik eg les det, eit samansurium av personar og synspunkt som peikar i ulike retningar. Dei vert samla til slutt, men utan at løysingi forsvarar den forvirra, og forvirrande, introduksjonen. Ideen er grei, men gjennomføringa heller haltande. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Ward skriv denne serien parallelt med Black Dagger Brotherhood, som iallefall presenterer eit gjennomtenkt univers – og greie sexscener – og personar med naturlege reaksjonar i høve sin bakgrunn.

(fyrst publisert her)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Stig TAnn ChristinG LMarit HåverstadLeseaaseandreas h. o.RandiAEvaAvaLesevimsaGunn Kari  PlathePiippokattaDaffy EnglundReidun SvensliLene AndresenGrete AastorpAnne Berit GrønbechStåle LiåsenIngvild SHilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteanniken sandvikHarald KKaramasov11KserinaAnitaFindus