Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Del to av Ekman sitt storverk om Hillevi, etterkomarane hennar og eit knippe andre menneske med tilknytning til den fiktive bygda Svartvatn i Jamtland, heilt inntil norskegrensa. I denne boka kjem Hillevi litt i bakgrunnen, det er dattera Myrten som er i fokus, saman med den mystiske Elis som er i ferd med å slå igjennom som kunstnar.

Boka starta om lag med starten av 2. verdskrigen, og sjølv om Sverige var nøytralt så påvirka sjølvsagt krigen livet i denne grensebygda, både som følge av det militære nærveret ved grensa og som følge av ulovlege grensekryssingar. Ein blir også såvidt kjend med samane sin situasjon, dei tradisjonelle reinbeiteområde var i utgangspunktet uavhengige av landegrenser, og når det blir ulovleg å krysse grensa så blir det uråd å halde fram med reinsdrifta som før.

Igjen så er det ei omfangsrik, mangslungen og detaljert historie Ekman serverer her. Tidskoloritten verkar ekte. Ekman er gamal nok til å hugse 2. verdskrigen, eg gjeng ut frå at ho dreg veksel på eigne barndomsminne når det gjeld enkelte detaljar. Spesielt rørande var kanskje forteljinga om Elis sit forhold til den uføre dattera til glasverksjefen sin, som startar som eit reint forretningsmessig affære frå kunstnaren sin side og som endar med botnlaus fortvilelse for den same Elis. Den frenetiske bilturen i sør-og mellom-Europa var hjarteskjerande.

Boka var valt ut til felleslesing i Lesesirkelen av 2014. Mange gode innspel frå deltakarane undervegs.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeNorahStig TLene AndresenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudChristoffer SmedaasmgeDemeterBeathe SolbergSynnøve H HoelIngvild SHeidi HoltanEileen BørresenHanne Kvernmo RyePiippokattaKirsten LundkntschjrldGroTurid Kalvatn SchøyenIngeborg GDagfinn JakobsenellinoronilleJarlenefertitiJulie StensethTuridmajaAnne Berit GrønbechritaolineAnne-Stine Ruud HusevågLinda RastenHarald KToveThomas Røst StenerudAlice NordliTorTone HEirin EftevandGro-Anita RoenTove Obrestad WøienStein Kippersund