Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tar for seg Argentina på 1900-talet, og ser på korleis landet gikk frå å vere eit av dei rikaste landa i verda, til å bli nærast underutvikla. Landet har vore utsett for forsøk med forskjellige ideologiar, og forfattaren ser på anarkismen, peronismen og nyliberalismen. Med litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Det er ei gåte korleis Argentina i det 20. hundreåret gjekk frå å vera eitt av dei rikaste landa i verda til å bli nærast underutvikla. Frå Evita til Cristina er ei bok som freistar å gi svar på korleis det kunne skje. Boka gir deg samstundes innsiktsfulle analysar og historiske tilbakeblikk for å forstå kva som skjer i eitt av dei viktigaste landa i Latin-Amerika. Argentina har vore som eit laboratorium der ein har prøvd ut ulike ideologiar. I denne boka tek Johannes Nymark særleg opp tre eksperiment: anarkismen, som hadde som mål å skapa eit idealsamfunn; peronismen, som skulle vera eit alternativ til både kapitalisme og kommunisme; og nyliberalismen, som enda i finanskrise og sosialt opprør i 2001. Desse tre eksperimenta blir analyserte med ei mengd fakta, nye opplysningar og innfallsvinklar, som ikkje er så godt kjende i vår del av verda. Dessutan tek Nymark opp mytologiseringa av tangoen med Gardel, politikken med Evita og fotballen med Maradona. Johannes Nymark (fødd 1949) har i heile sitt vaksne liv studert historia og følgt utviklinga i Latin-Amerika. Det har han gjort både i forsking og undervisning, først ved Universitetet i Oslo og sidan ved Norges Handelshøyskole, og som solidaritetsarbeidar, mellom anna i Latin-Amerika-gruppene i Noreg. Nymark har skrive fleire artiklar om Latin-Amerika i dagspresse og i tidsskrift, og han har gitt ut læreboka Historia de España y de Hispanoamérica på Fagbokforlaget (1994).
«Nymarks bok er spesielt verdifull fordi den både trekker historiske linjer, slår ned på viktige samfunnsforhold og setter det hele inn i ideologiske rammer.» - Henry Notaker, forfattar og tidlegare utanriksreporter i NRK «Johannes Nymark skildrar desse drastiske ideologiske eksperimenta med stor kunnskap og på ein måte som gir dei allmenn interesse.» - Kjartan Fløgstad, forfattar
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788245007138
EAN 9788245007138
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt sted Argentina
Språk Nynorsk
Sider 268
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket