Dette skodespelet, ei komedie, som kanskje er George Bernard Shaw sitt mest kjende, handlar om den fattige blomeselgaren Eliza Doolittle og korleis ho blir gjenstand for eit veddemål mellom to distingverte språkforskarar, Henry Higgins og oberst Pickering, om korvidt det kunne vere mogleg å gjere henne om frå fattigjente til kultivert dame i løpet av nokre få månadar. Eliza sin motivasjon for å bli med på eksperimentet er at ho ynskjer å arbeide i blomsterbutikk heller enn å selge blomar på gata, og derfor må ho lære betre språk og manerar.

Dette plottet åpnar sjølvsagt for morosame situasjonar. Eliza er ei skarp og lærenem jente, og utan å røpe for mykje så lærer ho ikkje berre språk og manerar, men gjev også herrane Higgins og Pickering ein og annan leksjon. Faren til Eliza, Alfred Doolittle, har ei lita rolle i stykket, og er kanskje den personen som eg mora meg mest over.

Tittelen på skodespelet viser til ei gresk mytologisk forteljing om skulptøren Pygmalion som blir forelska i ei elfenbeinsstatue han lagar. Dette viser sjølvsagt til at språkforskaren Higgins formar Eliza, og deretter blir forelska i henne. Skodespelet er forøvrig blitt til både musikal og film med tittelen «My Fair Lady».

Eg høyrde denne som lydbok frå Loyalbooks. Heilt grei kvalitet på opplesinga. Det var ulike personar som las dei ulike rollefigurane.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

En av historiens beste filmmusikaler, spør du meg! Ikke minst på grunn av Rex Harrison, som riktignok ikke kunne synge, men til gjengjeld presterte så mye sjarmerende arroganse at man bare måtte gi seg over. Hør her, for eksempel!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalAnne-Stine Ruud HusevågSolveig Sofie Øvrewall BerntzenHilde VrangsagenVannflaskeRune U. FurbergLeseberta_23Lars MæhlumSynnøve H HoelAnn ChristinHarald KHeidi Nicoline ErtnæsPiippokattaAnneWangTor-Arne JensenRufsetufsaKirsten LundTatiana WesserlingNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAlice NordliTone Maria JonassenKnut HauglandTherese HolmSigrid Blytt TøsdalBeathe SolbergBjørg RistvedtINA TORNESTove Obrestad WøienHeidiMathiasSiv ÅrdalStine AskeJulie StensethmgeReidun Anette AugustinTrude JensenAnniken RøilVilde Gran JohansenHanne Midtsund