Først, den korte omtalen på fem ord:
God krimbok med klassisk preg.

Så den litt lengre omtalen som viser at eg egentlig ynskjer å anmelde for ei avis eller noko slikt:

Eg kjenner sjølvsagt til namnet Stein Riverton, kanskje først og fremst på grunn av Riverton-prisen som er kalla opp etter han, men eg har ikkje lest nokon bøker av han før no. Forfattaren sitt eigentlege namn var Sven Elvestad (Elvestad = Riverton, artig), og han gav ut ein haug med krimromanar tidleg på 1900-talet.

I Jernvognen, som kanskje er den mest kjende boka hans, er handlinga er lagt til eit idyllisk kystsamfunn nokre timars reise unna hovudstaden tidleg på 1900-talet. Forteljaren, som vi aldri får vite namnet til, er feriegjest på staden, og skildrar uhyggelige hendingar som skjer der. Ein av dei andre feriegjestane blir funnen ihjelslått nær hotellet, og det blir sendt bod etter ein etterforskar frå Kristiania. Den natta drapet skjedde hadde fleire også høyrt underlege lydar, lydar som ein meiner kjem frå ei jernvogn. Ei lokal segn seier at denne jernvogna høyrest når det er dødsfall i vente, og kort tid etter drapet høyrer ein jernvogna enno ein gang.

Boka er godt skrive, og kan karakteriserast både som psykologisk thriller og som klassisk krimgåte. Det er eit avgrensa persongalleri som er involvert, likevel greier forfattaren å utvikle historia på ein måte som gjer at lesaren svever i uvisse om korleis ting heng saman, og kven som er mordaren. Den kanskje største uvissa dreier seg om kva for grad av realisme som til sjuande og sist vil ligge til grunn. Er det overnaturlege krefter i sving? Dreier det seg om hypnose eller psykologiske fenomen? Er det element av science fiction anno 1909 med i biletet? Denne uvissa gjer at forteljinga etter kvart blir særs fengslande.

Ein må også nemne språket. Forteljaren er ein god obervatør, og i tillegg til å gjere greie for faktiske hendingar legg han også ut om natur og omgjevnadar i poetiske vendingar. Stilen kan virke noko gamalmodig, det skulle ellers berre mangle i ei over 100 år gamal forteljing, men den er sjarmerende. Dialogen er utsøkt høfleg. Men gjennom alt dette er det også ein tone av uhygge. Ein får litt «film noir»-kjensle av det heile.

Eg høyrde denne forteljinga som lydbok i Ordflyt. Opplesaren Leif Dubard gjer, sjølv om han av og til snublar litt i setningane, ein strålande jobb med å lese i eit toneleie som kler forteljinga veldig godt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ellen Berg InstefjordIreneleserTanteMamieHeidiTore OlsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundBjørg  FrøysaaLisbeth Marie UvaagMalinn HjortlandAmanda ASynneMHarald KHilde VrangsagenIngeborg GTuridmajaHelen SkogIrakkHarald AndersenAnne-Stine Ruud HusevåggretemorHeidi HoltanVannflaskeJohn LarsenHanne Kvernmo RyeAndreas BokleserRisRosOgKlagingStig TJulie StensethBookiacFrode Øglænd  MalminTheaSilje HvalstadsiljehusmorVibekeTom-Erik FallaLars MæhlumTor Arne MyklebustWenche VargasCarine Olsrød