Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Steinbeck nærmar seg 60 år, bestiller ein spesialbygd bobil, som ikkje var så vanleg på denne tida, og bestemmer seg for å legge ut på ein 3-månadars rundtur i USA for å take pulsen på og gjenoppdage landet sitt. Reisa gjeng frå New York nordover til Maine, så grovt sett vestover langs grensa av Canada til Seattle, sørover til Salinas, austover til New Orleans, og derifrå Nord-Nordaust til New York igjen.

Gjennom reisa så reflekterer han ein del over likskapar og ulikskapar mellom dei ulike statane han køyrer igjennom, og han noterer seg mellom anna at den aukande industrialiseringa leier til meir rotløyse i folket. Men like mykje som han reflekterer over landet, så reflekterer han også over sin eigen situasjon, anten det er at han etter kvart vantrivest med å vere aleine på tur, eller korleis han har gjort seg sjølv til ein framand i sin eigen heimby, eller rett og slett berre korleis han skal forholde seg til det han ser og opplever.

Sidan han kallar bobilen sin for Rocinante (som også er navnet på Don Quijote sin hest) kan ein kanskje tru at Steinbeck ser ein viss likskap mellom si eiga reise og Don Quijote sin. No har eg ikkje lest Don Quijote, så det er ikkje klart for meg om der er ein slik likskap. Men det at han ofte held ein forholdsvis usjølvhøgtideleg tone når han skildrar opplevingane sine er kanskje eit hint i denne retninga?

Alt i alt var det triveleg å vere med Steinbeck på denne reisa, og take del i refleksjonane han gjorde seg undervegs. Dette var den siste boka i Lillevi sin felleslesing av Steinbeck haust/vinter 2013-2014. Som alltid har det vært moro å dele tankar og observasjonar med andre som les boka samstundes.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergVannflaskeKaramasov11GodemineHanne Kvernmo RyeLars MæhlumMads Leonard HolvikNorahIngvild SAstrid Terese Bjorland SkjeggerudConnieGrete AastorpBjørg RistvedtIngeborg GPiippokattaTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågSolveig Sofie Øvrewall BerntzenHilde VrangsagenRune U. FurbergLeseberta_23Synnøve H HoelAnn ChristinHarald KHeidi Nicoline ErtnæsAnneWangTor-Arne JensenRufsetufsaKirsten LundTatiana WesserlingAlice NordliTone Maria JonassenKnut HauglandTherese HolmSigrid Blytt TøsdalINA TORNESTove Obrestad WøienHeidiMathiasSiv Årdal